600 sider kulturhistorie

Sotrabunad, tambur og ekstra breidt strilamål måtte til for at kultursoga for Sund skulle få ei verdig lansering.

Tambur-speling høyrte med når det var brullaup i Sund. Rolf Seldal lot dei kring 200 frammøtte få høyra korleis ein feiande marsj kan høyrast ut.

Dei kom i mål, såvidt, bygdeboknemnda i Sund, med sjette og siste bandet av Sund på Søre Sotra.

Lanseringa av Kultursoga på Spildepollen skule var tida for å takka dei mange frivillige, først og framst i Sund Sogelag, som har saumfart arkiv og funne historiar og bilete og bidrege til at verket har kunna verkeleggjerast.

Mange har bidrege til å realisera det 600 sider tjukke verket. Dette er berre nokre av dei; Gerhard Inge Storebø (th), Åshild Nordstrand, forfattar Frode Fyllingsnes, Margrethe Kallestad og Kjell Arve Vorland.

Som ein ekstra takk for den 12 år lange innsatsen fekk Sund Sogelag like godt kommunen sin kulturpris for 2019 – den aller siste i kommunen si historie, ifølgje ordførar Kari-Anne Landro.

Kultursoga omhandlar ein periode på 11.000 år, frå isen tok til å smelta og fram til og med avslutninga av Sund kommune, oppsummerer forfattar Frode Fyllingsnes 600 sider spekka med informasjon og historiske bilete.

-Ei lesebok, snarare enn eit oppslagsverk, ifølgje forfattaren.

Innhaldet er delt inn i seks delar, med 33 kapittel.

Siste avsnitta i Kultursoga omhandlar landskap og talemål i endring. Då passa det bra at kveldens konferansierar; Margrethe Kallestad og Gerhard Inge Storebø begge snakka ein brei Striladialekt du må langt sør på Sotra for å høyra.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.