Uroleg for dei tilsette

-Heile effektiviseringsgevinsten treng ikkje hentast ut første året som ny kommune, seier avtroppande Fjell-ordførar Marianne Sandhal Bjorøy som er glad ho ikkje jobbar i Nye Øygarden.

Når ho les posisjonen sitt framlegg til budsjett for 2020 er avtroppande ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, glad for at ho ikkje er tilsett i Nye Øygarden.

Nye Øygarden kommune startar tilværet i økonomisk motbakke. Rådmann Rune Lid har lagt fram eit budsjett der det vert lagt opp til å kutta kostnadar på 84 millionar samanlikna med drifta i Fjell, Sund og Øygarden dette året.

Les: Trugar med Robek

Ein optimistisk posisjon, med Høgre, Frp, KrF, SotraLista og Venstre har tru på at den nye kommunen kan styrka økonomien ved å henta ytterlegare 85,1 millionar frå andre kjelder.

Rådmannen sin økonomiplan omfattar heile fireårsperioden. Slik avtroppande ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy les posisjonen sitt budsjettforslag, skal heile beløpet sparast inn i løpet av 2020.

Den knappe tidshorisonten, i eitt år der dei tilsette vil ha behov for å setja seg inn i mykje nytt i samband med kommunesamanslåinga, får Sandahl Bjorøy til å rista oppgitt på hovudet.

Fleire langtidssjukmelde
-Eit budsjett må vera realistisk, og punkta må henga saman, seier Sandahl Bjorøy.

Den tidlegare rekneskapsføraren reagerer særleg på at posisjonen legg opp til ein auke i refusjonen av sjukepengar frå Staten på 2 millionar kroner. Det vil seia at dei føreser at kommunesamanslåinga vil føra til ein kraftig auke i talet på langtidssjukmelde.

Kutta vikarbruken
Normal vil ein tru at fleire sjuke fører til auka vikarutgifter i barnehagar, skule og eldromsorg. Slik tenkjer ikkje posisjonen i Nye Øygarden. Samstundes som dei spekulerer i ein kraftig auke i langtidsfråværet, vil dei kutta vikarutgiftene med 10 millionar kroner. Dei som vert att på jobb vil med andre ord måtta jobba enno raskare, skal innbyggjarane kunna få dei tenestene dei har krav på.

Som om ikkje det er nok, vert det lagt opp til å henta ut 20 millionar i form av innsparing og effektiviseringsgevinstar av at tre kommunar no skal verta ein.

Lite attraktiv som arbeidsgjevar
Presset om innsparing og effektivisering vil kvila tungt på dei tilsette, fryktar Fjell-ordføraren:

-Med slike krav til innsparingar vil Nye Øygarden framstå som ein lite attraktiv arbeidsgjevar, hevdar Sandahl Bjorøy.

-Eg er veldig glad eg ikkje har Nye Øygarden kommune som arbeidsgjevar, seier ho, fleire gongar.

Sosial profil
Arbeiderpartiet planlegg å leggja fram sitt alternative budsjettframlegg først den 14. desember. Førebels kan Sandahl Bjorøy berre avsløra hovudtrekka i det ho kallar eit budsjett med ein meir sosial profil.

-Nye Øygarden treng ikkje ta ut heile effektiviseringsgevinsten av kommunesamanslåinga i løpet av det første året, understrekar Sandahl Bjorøy.

Politikarløn
Politikarane bør gå framfor med eit godt døme, tenkjer dei i Arbeiderpartiet. Dei kjem til å føreslå å kutta politikarlønene med ein million – i praksis er det løna til nestleiarane i komiteane dei gjerne ser vert kutta.

Ingen bør vera overraska om partiet bles ny glød i diskusjonen om eigedomsskatt på næring, sjølv om stemninga for forslaget i det nye kommunestyret verkar vera lunken.

Då er lågare SFO-satsar er eit punkt dei håpar å få større gjennomslag for, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Styrte mot underskot
Siste året har den avtroppande ordføraren i Fjell styrt etter fleirtalet sitt optimistiske budsjett. Eit budsjett ho stemte mot. Mellom anna hadde ho gjerne sett at kommunen hadde styrka inntektene med 4- 5 millionar i form av eigedomsskatt på næring. No øynar vi resultatet: Siste prognosene for 2019 antydar eit underskot på 48 millionar kroner.

Les: Underskotet aukar

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

5 thoughts on “Uroleg for dei tilsette

  1. Klart hun er bekymret, hun jobber jo for det mest politisk korrekte partiet i landet. Har ikke Marianne bidratt til denne situasjonen da? Er ikke ordføreren ansvarlig? Skal ikke ha noe «snikprivatisering» som Støre var her og proklamerte… for stat og kommune skal bestemme over folk. Vi får håpe sittende styre greier å få økonomien og den nye kommunen på rett kjøl igjen. Ønsker de lykke til!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.