Ber om høgare godtgjersle

Arbeidet med kommuneplanen for Sund har ført til at det vart ekstra mange møte på politikarane i Planutvalet.

Arbeidet med kommuneplanen for Sund har ført til ekstra heftig møteverksemd for leiar Svein Otto Jacobsen i Planutvalet.

I henhald til møteplanen vart det lagt opp til 9 møter i Planutvalet dette året. Status i byrjinga av desember viser at det er avhalde 25 møter. Dei aller fleste i samband med arbeidet med kommuneplanen, ifølgje ei sak som skal opp i kommunestyret denne veka.

Fast godtgjering
Som leiar for Planutvalet har Svein Otto Jacobsen hatt ei fast godtgjering på 54.000 kroner for heile 2019. Ei møtegodtgjering som og er meint å skulla dekka møter med fylkesmannen, planforum og utbyggjarar, i tillegg til dei politiske møta.

Medlemmane i utvalet har hatt ei godtgjersle på kring 1.800 kroner per møte. Medlemmar som har delteke på alle møta har dermed rett på ei godtgjersle på 45.000 kroner – 9.000 kroner lågare enn utvalsleiaren. Med ein møtefrekvens i henhald til planen ville godtgjersla for medlemmane ha vore 37.000 kroner lågare enn for leiaren.

Meir til leiaren?
I ein epost ber Jacobsen ordførar Kari-Anne Landro om å sjå på om det er mogeleg å auka kompensasjonen til utvalsleiaren, slik at han kjem noko betre ut enn dei faste medlemmane.

-Eg har på ingen måte stilt noko krav eller sum. Det må bli opp til det organet som behandlar saka og ikkje meg, skriv Jacobsen i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Eg har berre stilt spørsmål til ordførar om det er meininga at leiar skal liggja jamt over dei faste medlemmane eller ikkje, og om ikkje det er intensjonen med at leiar har et høyere honorar enn dei faste, legg han til.

Over budsjett
Den heftige møteverksemda i Planutvalet går ut over budsjett med 150.000 konstaterer rådmann Rune Lid. Han legg fram saka for kommunestyret utan tilråding.

 

 

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “Ber om høgare godtgjersle

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.