Torskekrangel

Fiskeriforhandlingane i Bergen sist veke førte ikkje fram.

Norge krev betre vern av småtorsken. Foto: Havforskingsinstituttet/ Øystein Paulsen.

Noge og EU har ikkje klart å verta samde om ein fiskeriavtale for 2020, melder fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Fiskeriavtalen har ein verdi på 8 milliardar kroner. Forhandlingane skulle ha vore avslutta sist veke. Fiskeriministeren har tru på at dei kjem fram til ei løysing.

Torsk
– Vi har lagt et godt grunnlag og er enig på de fleste områdene i avtalen, men vi har ulik tilnærming til forvaltningen av torsk i Nordsjøen, sier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Det står att å verta samde om forvaltningstiltak for torsk i Nordsjøen som kan ivareta bestand, yngel og yrkesfiskarar neste år.

Norge har i forhandlingane ønska langt betre vern av småtorsk, noko som er avgjerande for å byggja opp bestanden.

-Vi meinar det er rett å bruka noko meir tid på gjenoppbygging. For Norge er det det faktiske uttaket av torsk som er viktig, difor kan vi ikkje berre vedta ein lav kvote og tru at det er det einaste som skal til for å byggja opp att bestanden, seier Nesvik.

Kvotebyte
Fiskeriavtalen har to delar. Den første delen av avtalen handlar om forvaltning av felles fiskebestander som torsk, hyse, sild og sei i Nordsjøen og Skagerrak.

Den andre delen av avtalen handlar om kvotebytte. Kort forklart får EU torsk-, sei- og hysekvote i Barentshavet og nokre kvotar i Nordsjøen. Norge byter til seg kolmule, lange/brosme, blåkveite og andre bestander i EU-farvatn. Dessutan får vi delar av EU sin kvote i havområda rundt Grønland, mellom anna blåkveite, uer og lodde.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.