Feira dei frivillige

Dei frivillige organisasjonane har vore og er framleis viktige for Sund.

Gav frivilligheita eit ansikt. Representantane for dei 20 frivillige laga og organisasjonane som møtte, saman med ordførar Kari-Anne Landro.

-Levande bygder kjem ikkje av seg sjølv. Dei vert til om dei som bur der er aktive i lokalsamfunnet, helsa ordførar Kari-Anne Landro under opninga av det historiske aller siste kommunestyremøtet i kommunen som går over i historia ved komande årsskifte etter 182 år.

Innsatsen til dei frivillige laga viser att, mellom anna i form av idrettsbanar, bedehus, velhaldne bygg, turstiar og kultursoger, sa Landro og takka på vegne formannskapet.

Sund har eit rikt organisasjonsliv. Eit 40-tals lag og organisasjonar var spesielt inviterte som gjestar til dagens møte. Dei 20 som møtte vart heidra med ein felles frivilligpris.

Dei gav frivilligheita i Sund eit ansikt:
Anne Lise Eidesund (Eidesjøen Grendalag)
Terje Pedersen (Forland bedehusforening)
Eivind Helland (Folkeakademiet i Sund)
Liv Marit Sangolt (Hellevegen vel)
Jarle Sælensminde ( Lions Club) og (Sund kystlag)
Kenneth Rokkan (Skogsvåg idrettslag)
Torbjørg Bakke (Skogsvåg kvinne- og familielag)
Willy Storebø (Trellevik kystkultursenter)
Unni Øvretveit (Strandatun bygdelag)
Odd Jarle Hatland (Sund blandakor)
Sverre Bungum (Sund pensjonistlag)
Laila Mortensen (Sund Røde Kors)
Sølvi Elvik (Sund Røde Kors fleirkultur)
Gerhard Inge Storebø (Sund sogelag)
Anne Margrethe Vilund (Sund Toraderklubb)
Asbjørn Havnerås (Sund trekkspelklubb)
Eldbjørg Telle (Telavåg kvinne- og familielag)
Christel Brown (Venelaget for skulestova på Berge)

Dei, og alle dei anre inviterte laga vil få kvart sitt eksemplar av Kultursoga for Sund på Søre Sotra.

Les: 600 sider kulturhistorie

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.