Krev betre trafikksikring i Skogsskiftet

Før planen om eit nærsenter i Skogsskiftet kan verta noko av, må trafikksikringstiltaka for både mjuke trafikkantar og bilistar betrast.

Å planleggja ei senterutviding i Skogsskiftet i påvente av ei utviding av Fv. 555 ein gong i framtida viser seg å verta meir krevjande enn planleggjarane i Sund hadde sett for seg.

Det krev Statens vegvesen. I ein høyringsuttale til framlegget til senterplanen for Skogsskiftet varslar vegstyresmaktene motsegn mot planen, med mindre det vert gjort omfattande mellombelse trafikksikringstiltak i tilknyting til dagens Fv. 560 gjennom dagens kommunesenter i Sund.

Samlingsstad
Ei verkeleggjering av senterplanane vil gjera Skogsskiftet til ein samlingsstad i langt større grad enn i dag, med auka trafikk både av bilar og mjuke trafikkantar, hevdar Statens vegvesen i uttalen.

Les: Vil stoppa handelslekkasjen til Straume

Planleggjarane i Sund kommune har arbeida ut frå ein framtidig situasjon der nye Fv. 555 står ferdig vestom dagens fylkesveg. Det likar Statens vegvesen dårleg.

Framtidig situasjon
Vegen er ikkje finansiert, og det er usikkert når den sørlege armen av det nye Sotrasambandet kan stå ferdig. I mellomtida vil det vera naudsynt med mellombelse trafikksikringstiltak, krev vegvesenet.

Les: Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsskiftet

Avkøyringsfelt
Fortau med ei breidde på fire meter langsmed Fv 560 er eitt av tiltaka som må på plass.

For å sikra trafikkavviklinga på dagens Rv. 560 må det opparbeidast eit eige avkøyringsfelt for venstresving inn mot senterområdet.
Senterplanen for Skogsskiftet ligg heilt inntil reguleringsplanen for ny Fv. 555. Det inneber at det ikkje er plass til å realisera naudsynte trafikktiltak før den nye Fv 555 er bygd, hevdar Statens vegvesen.

Byggjegrense
Det at delar av bebyggelsen i dagens senterområde ligg tettare inntil Fv. 560 enn byggjegrensa på 50 meter, skapar og hovudbry for planleggjarane. Vegvesenet vil ikkje akseptera at det kjem nye bygg nærare fylkesvegen enn dei bygga som står der i dag.
Kva konsekvensar dette kan få for ein utbyggjar som Ove Forstrønen, som planlegg eit nytt handlesenter med 10.000 kvadratmeter i Skogsskiftet er ein av dei detaljane Planutvalet i Nye Øygarden må få avklart over nyttår, skriv utvalsleiar Svein Otto jacobsen i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.