Starta med prisdryss

Det historiske, aller siste møtet i kommunestyret i Fjell starta med prisutdeling.
Kulturprisen gjekk til Bygdebokutvalet. Dei har halde på sidan 1984. Med støtte mellom anna frå tre rådmenn, er dei snart er i mål med sjuande boka i gards-, ætte- og kultursoga for Fjell.

Atle Justad, leiar for bygdeboknemnda kunne kosta på seg eit smil då han tok mot kulturprisen for Fjell for 2019 på vegne av mellom anna Else marie Kind Hevrøy, Reidar Heimvik, Gerd Andersen Fjell, Nils Harald Lie og Inge Kolltveit.

 

 

 

Siste boka kjem på nyåret, og vil ta for seg åra frå 1910 og fram til kommunesamanslåinga.

Frivillig
Frivilligprisen gjekk til Gunvor Bråthun Moe. Ho er i dag gruppeleiar i Kolltveit Blåkors Speidergruppe. Ho har vore speidarleiar i 22 år, og gruppa si øvste leiar dei siste 13 åra.

Gunvor Bråthun Moe er og ein engasjert leiar for Sotra Husflidslag.

Gunvor Bråthun Moe har ei unik omsorg for alle, og særskilt dei som slit litt ekstra. Ho nyt stor respekt, men tek seg sjølv lite høgtidleg, laud ordførar Marianne Sandahl Bjorøy si grunngjeving då salen klappa henne fram for å ta mot frivilligprisen.

 

 

Gunnar Angeltveit fekk folkehelseprisen for Fjell for 2019.

Folkehelseprisen
Gunnar Angeltveit er eit sentralt medlem i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Han har vore ein av primus motorane i Aktiv+ der han har involvert seg særskilt sterkt opp mot trening og friluftsliv. I tillegg har han vore med på å setja fokus på universell utforming, og var mellom anna initiativtakar til å få planlagt ein universell utforma turløype på Fjell festning.

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.