Planlegg ekstrempadling – Nye Øygarden rundt i romjula

Klare til å padla 150 kilometer Nye Øygarden rundt på tre dagar. Laila Reigstad og Cato Risløw.

Ingen stadar er det så fint som her, smiler Cato Risløw. Saman med Laila Reigstad har han planar om å padla Nye Øygarden rundt i romjula.

Både Laila Reigstad og Cato Risløw er erfarne kajakkpadlarar, og driv kvar sitt lokale firma med oppleving og vassport som forretningside. Reigstad Unlimited tilbyr padleturar, hovudsakleg med Misje som utgangspunkt. Klyva AS tilbyr mellom anna klippe- og juvvandling og rappellering, i tillegg til kajakkpadling.

Les: Sommarpraten – padlemisjonæren

Signingsferd
Ved å padla Nye Øygarden rundt ønskjer dei å visa at øyane vest for Bergen eignar seg for padling og vassport heile året.

Men turen er og tenkt som ei sjøvegs samling av den langstrakte, nye kommunen frå nord til sør. Ei signingsferd, om du vil, med innlagte stopp for å helsa på fire ordførarar som alle heiar på prosjektet.

Padleruta
Start og stopp vert det nye kommunesenteret på Straume. Derifrå er planen å ta turen nordover Hjeltefjorden til Rong der dei skal helsa på avtroppande ordførar Børge Haugetun før dei padlar vidare nordover. Ved Rubbegarnståna fyr set dei kursen vestover, ut i Nordsjøen. Målet første dagen er Sæle, på nordvest-sida av Øygarden.

Dag to er planen å padla sørover i bølgjene frå Nordsjøen. På Misje vil dei møta Marianne Sandahl Bjorøy og ein gjeng entusiastiske padlevenar. Dei siste skal halda følgje vidare sørover mellom holmar og skjær på vestsida, til Syltøy.

Siste etappen skal gå via Glesvær, der dei møter Kari-Anne Landro, rundt Tofterøy og inn Korsfjorden, vidare nordover Raunefjorden og inn Straumsundet der planen er å møte påtroppande ordførar Tom Georg Indrevik på Søre Bildøy.

Ikkje for solskinspadlarar

Førebudd på bølgjer og ruskevêr. Både Laila Reigstad og Cato Risløw meistrar kajakken betre enn dei aller fleste.

Dette vert ingen tur for vanlege solskinspadlarar. Heller ikkje for utrente, åtvarar Laila Reigstad som har planlagt padleruta i minste detalj.

Planen er å padla 150 kilometer over tre dagar. Å gjera unna 50 kilometer vil krevja 8 – 10 timar i kajakken, kvar dag. Skal dei rekka det, må dei starta i 7-tida om morgonen, før sola har stått opp, og halda på til lenge etter at mørket har seinka seg om kvelden. Det vert langt mellom pausene på land, er dei samde om.

Opptekne av tryggleik
Dumdristige vil dei likevel ikkje vera. Både Reigstad og Risløw er opptekne av tryggleiken. Vêr- og vindtilhøva vil verta vurderte kontinuerleg. Bøljene på vestsida bør helst ikkje verta høgare enn tre meter.

Denne hausten har vêret stort sett vore prega av vindstille. Skulle vêrgudane likevel finna på å slå seg vrange, har padleentusiastane både plan B og C i bakhand. På vestsida kan dei til dømes padla inn til Kjereidet, bæra båten inn i Kørelen og over Eide til Vestrepollen.

Kan hende vert vindtilhøva slik at det berre vert tilrådeleg å gjennomføra delar av den planlagte padleruta. I verste fall vert det avlysing, seier Reigstad.

Nokon følgjebåt planlegg dei ikkje å ha med på turen. Plassen om bord i ein kajakk er begrensa. Korvidt dei skal nøya seg med medbragt, eller om dei skal utplassera telt, mat og varme klede på strategiske stadar undervegs, er dei enno ikkje blitt samde om.

Fleire ekspedisjonar?
Ideèn til Nye Øygarden rundt dukka opp nærast som ein spøk. Dette vert første padleturen Reigstad og Risløw gjer i lag. Overlever den gjensidige beundringa strabasane, ser dei ikkje vekk frå at det i framtida kan verta fleire spanande ekspedisjonar, saman.

2 thoughts on “Planlegg ekstrempadling – Nye Øygarden rundt i romjula

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.