Stod opp for klimaet

Med ønskje om ny veg overkøyrte fleirtalet klimatilhengjarane då kommunestyret i Fjell vedtok reguleringsplanane for FV. 561 Kolltveit – Ågotnes og Fv. 555 Kolltveit – Sund grense.

Stod opp for klimaet. Berre Andreas Sjalg Unneland (SV) og Monica Alvheim (MDG) meinte omsynet til klima er viktigare enn nye vegar.

I ein ny kommune som dekkar heile området frå Hernar i nord til Tofterøy i sør, vert tilrettelegging for rask og trygg kommunikasjon innanfor kommunegrensa langt viktigare enn i dag.

80 kilometer i timen
Forlenginga av nye Sotrasambandet mot nord og sør vert planlagt som eigne byggjetrinn. Knappe 25 kilometer ny fylkesveg, planlagt for 80 kilometer i timen, skal utgjera ryggraden i det nye interne vegnettet som skal bidra til integreringa i den nye kommunen.

Les: Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Vegskilje
To av dei folkevalde var meir opptekne av at vi må tilpassa oss til utfallet av klimaforhandlingane i Madrid enn av å få eit vegnett dimensjonert i henhald til dei framskrivne prognosene for personbiltrafikken i 2050.

-Vi står no ved eit vegskilje. Skal vi leggja til rette for enno meir trafikk, og dekka meir natur med asfalt, eller skal vi byggja eit samfunn som der vi legg opp til å løysa klimakrisa, spurte Andreas Sjalg Unneland (SV).

Andreas Sjalg Unneland (25) er for tida leiar for Sosialistisk Ungdom.

– Vi må endra retning og ikkje berre fortsetja å dure på med enno meir veg. Derfor er SV mot desse vegprosjekta. Dei tek ikkje tilstrekkjeleg omsyn til klima og miljø, og dei tek ikkje inn over seg dei endringane vi er nøydde til å gjera, la leiaren for SU til.

Kven si verd?
Ikkje alle var like glade for at klimaperspektivet vart trekt inn i vegdebatten:

-Nokre av oss lever i den verkelege verda. Det gjeld ikkje alle. Gode vegar er god miljøpolitikk, innvende Svein Bergh (SotraLista).

Utanom Fjell gard
Vararepresentanten for SotraLista var meir oppteken av at kommunestyret måtte gje tydeleg uttrykk for at den lange tunnelen bak Fjell gard må prioriterast. Aller helst ville Bergh ha teke ut punktet om ei mellombels løysing med kort tunnel under Krossleitet.

Les: Ny fv. 555 Kolltveit – Austefjorden: – Styr unna denne flaskehalsen

Bergh fekk fleirtalet med seg på forslaget om prioritering. Den mellombelse løysinga kom likevel med, for tenk om det aldri vert noko av den lange tunnelen utanom Fjell gard?

Berre to av dei folkevalde stemt mot reguleringsplanane, SV og MDG.

Usikker finansiering
Når vegane kan står ferdig er usikkert. Veg kostar pengar. Samla sum for dei to nye vegprosjekta er kalkulert til noko over seks milliardar kroner. Sjølv om bilistane truleg må opna lommeboka og betala enno meir bompengar, er det i dag ingen som tør spå om når nye Vestland fylkeskommune vil finna pengar til å realisera dei vedtekne reguleringsplanane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.