Skular til å veksa med

Etter saneringa av skulestrukturen og den påfølgjande utbygging av dei attverande skulane står noverande Sund kommune att med fire skular som toler ein større folkevekst i nær framtid.

Beroligande å vita at Sund-skulane har kapasitet til å tola ei større bustadbygging, seier FAU-leiar Fredrik Mortensen ved Spildepollen skule.

I Sund på søre Sotra er det i dag tre barneskular og ein ungdomsskule. Alle har god kapasitet, ifølgje kommunalsjef for oppvekst Jon Erik Egeland.

Les: Festdag i Spildepollen

Det var Fredrik Mortensen (KrF), og leiar av FAU ved nye Spildepollen skule, som stilte spørsmål i kommunestyret om den framtidige skulekapasiteten i denne delen av nye Øygarden kommune.

Mindre årskull
Ut frå dagens innbyggjarmasse ser det ut til at det i åra fram mot 2024 vil skje ein svak nedgang i ungetalet på barneskulane, og ein svak vekst i ungdomsskulen, kunne Egeland beroliga FAU-leiaren.

Kulla frå barnehagane ser ut til å verta mindre i åra framover, noko som kan forklarast med færre nyfødde og mindre netto tilflytting.

Joker
-Sotrasambandet er joker i ei framtidig bustadbygging. Sund har tilrettelagt for ei storstilt bustadbygging. Skulane står klare til å ta i mot dersom Sotrasambandet utløyser ein slik effekt, ifølgje kommunalsjefen.

Stranda skule har kapasitet til 450 elevar. Dette skuleåret går det 372 elvar ved skulen. Skogsvåg og Spildepollen har begge plass til 300 elevar. Dette skuleåret har dei henhaldsvis 248 og 200 elevar. Ved Sund ungdomsskule sit det elevar på 300 av dei 380 pultane denne vinteren, ifølgje Egeland.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.