Øygarden har brote anbodsreglane

Kontrollutvalet i Øygarden har konkludert med at kommunen har overskride grensene for rammeavtalen med Sartor Maskin AS.

(Saka er oppdatert.)

Per Morken har vore leiar for Kontrollutvalet i Øygarden siste fire åra. Arkivbilete.

Knapp tid i samband med kommunesamanslåinga gjer at kontrollutvalet i Øygarden ikkje har grunnlag for å fastsetja noko tidspunkt for når overskridinga fann stad, eller kor stor overskridinga er, ifølgje utvalsleiar Per Morken som i dag orienterte kommunestyret om konklusjonen.

Fjordparken
Ut frå rådmann Siri Fahlvik Pettersen si orientering er det ingen tvil om at arbeidet med Fjordparken på Rong fell utanfor dei kontraktsfesta rammene for kontrakten med Sartor Maskin AS.

Budsjetteringa av Fjordparken har skjedd stykkevis og delt, og starta med tilkyring av massar frå Rong senter i 2017. Samla kostnad før ferdigstilling vert kalkulert til 27 millonar, ifølgje rådmannen.

Burde ha oppdaga

Det fantes ikkje noko forståing i Øygarden kommune for at rammeavtalen med Sartor Maskin AS hadde noko øvre grense, hevdar rådmann Siri Fahlvik Pettersen. Arkivbilete: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.

 

– Vi har strekt forståing av storleiken på rammeavtalen for langt. Vi oppdaga det for seint. Vi burde ha oppdaga det før, særleg når kom på det store prosjektet fjordparken, sa Fahlvik Pettersen til kommunestyret.

Øygarden kommune inngjekk rammeavtalen med Sartor Maskin AS i 2015. Det var på det tidspunktet ikkje nokon forståing for at rammeavtalen hadde nokon øvre grense. Sjølv i dag finst det liten juridisk praksis på området, hevda Fahlvik Pettersen.

64,7 millionar
Rammeavtalen med Sartor Maskin AS vart inngått etter ein anbodskonkuranse om utføring av ulike typar fagarbeid, og omfatta grunnarbeid og vegvedlikehald. Ifølgje kontrakten hadde den inngåtte avtalen ein årleg verdi på kring 1,5 millionar kroner før meirverdi, eller totalt 6 millionar kroner over den fireårige avtaleperiode.

Oversikten Odin Prosjekt har utarbeidda viser at Øygarden har nytta entrepenørverksemda til mange mindre og nokre få større prosjekt. Samla uttak gjennom desse fire åra utgjer 64,7 millionar kroner.

Burde ha lyst ut
-Det er openbert at eit slikt volum samla inneber ei vesentleg endring av vilkåra for rammeavtalen, og at ein dermed på eit tidspunkt skulle ha sett rammeavtalen ut på ny konkurranse. Når dette skulle vore gjort er ikkje mogeleg p.t. å tidfesta nøyaktig, men mest truleg ville dette vore aktuelt ved utløp av 2017, eller i løpet av 2018, skriv Odin Prosjekt i notatet.

Øygarden kommune har siste åra vore prega av omfattande prosjektaktivitet. Helst skulle alle ferdigstillast i løpet av 2019.  Av 60 prosjekt i 2019 er 13 utført på ulike rammeavtaler, i følgje Fahlvik Pettersen.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.