Drog budsjettet i havn

2,9 milliardar kroner. Det er summen innbyggjarane i Nye Øygarden har til fordeling til drift av skular, barnehagar, helse- og omsorg, vegvedlikehald, idrett og kultur neste år.

Foto: Nye Øygarden kommune.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) hadde ingen problem med å dra i havn første budsjettet for Nye Øygarden kommune.

Budsjettdebatten er partia sin framste sjanse til å markera sin eigen politikk. Med 24 av 45 representantar fekk Høgre, FrP, KrF, SotraLista og Venstre det som dei ville i budsjettdebatten. At det i den avsluttande voteringa vart stemt over heile tre alternative budsjettframlegg vitna om at ikkje alle var like begeistra.

Skepsisen var gjensidig. Verst lot posisjonen det gå ut over budsjettframlegget til Fnb. Jan Utkilen hadde helst sett at det ikkje vart stemt over budsjettframlegget til Fnb. Forslaget var ikkje saldert, og var dermed ulovleg, hevda den tidlegare ordføraren i Fjell. Indrevik tok det likevel opp til avstemming: «Forslaget var lovleg framsett. Om det hadde blitt vedteke, ville det ha skapt utfordringar for kommunedirektøren og hos fylkesmannen.

På sparebluss
Det vedtekne budsjettet legg opp til å bruka 2,9 milliardar kroner til drifta av kommunale tenester som skular, barnehagar, helse og omsorg, vegvedlikehald, idrett og kultur. Det kan høyrast mykje, men det er likevel vel 110 millionar kroner mindre enn det som har gått med til dei same tenestene i Fjell, Sund og Øygarden i 2019. Nye Øygarden startar tilværet på sparebluss.

Les: Han kvesser sparekniven

Kun små summar vart flytta på i budsjettdebatten. Posisjonen legg opp til å auka inntektene med 85 millionar kroner, samalikna med framlegget frå kommunedirektøren. Heile 76 millionar av summen skal nyttast til å styrka driftsfondet.

Sett med opposisjonen sine auge er inntektsauken urealistisk og nærast å oppfatta som utnytting av arbeidskrafta og velviljen til dei tilsette.

Les: Uroleg for dei tilsette

Arbeiderpartiet og Marianne Sandahl Bjorøy samla Senterpartiet, SV og Raudt om eit av dei tre alternative budsjettframlegga. Her saman med Anita Skjold Hellesø.

Utan tidlegare erfaringar å trekkja på, medgjev sjølv posisjonen at dei er spente på om vi klarar halda budsjettet.

Gebyr og brukarbetalingar har vore svært ulike i dei tre kommunane. FrP, partiet som i si tid vart stifta for å bekjempa offentlege avgifter, har resignert og gav stafettpinnen vidare. MDG hadde gjerne sett at brukarbetalingane vart redusert med 10 prosent samanlikna med dagens nivå. FnB og Sp ville gjerne kutta rådmannen sitt forslag med fire prosent.

Les: Klar for diskusjon om kommunebudsjettet

I håp om å gjera budsjettet meir treffsikkert fekk Silvia Haugland (H) kommunestyret med på at det alt i januar skal opprettast eit eige gebyrutval som skal ha revidert alle gebyr og brukarbetalingar før sommaren.

Det vert lagt opp til full revisjon av budsjettet etter at halve året er gått.

 

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.