Undervegs mot Rubbegarnståna

Svartstilla og neglesprett prega første etappen av Nye Øygarden Rundt.

Børge Haugetun står i kajakken!

Laila Reigstad og Cato Risløw fekk ein draumestart på første etappen av Nye Øygarden Rundt. Etter ein stopp på Rong for å helsa på avtroppande ordførar Børge Haugetun nærmar dei seg no Rubbegarnståna fyr der dei skal setja kursen vestover ut i Nordsjøen.

Les: Planlegg ekstrempadling – Nye Øygarden Rundt i romjula

Utstyrt for mørkepadling. Laila Reigstad har både lys på kajakken og refleks på årene.

Starten på Straume grytidleg 2. juledag skjedde i vindstille opphaldsvêr. Dei første 20 kilometrane nordover Hjeltefjorden gjekk unna raskare enn planlagt, med straumen bakanfrå og ein fart på 6,3 kilometer i timen, kunne ei smilande Laila fortelja nettavisa Tunnelsyn.

Tre grader i lufta og kald sjø gjer imidlertid at det vert kaldt på hendene, la ho til.

Cato Risløw er mest vant til elvepadling. I dag måtte han kjempa for å halda følgje.

Planen er å padla dei 150 kilometrane rundt Nye Øygarden på tre dagar. Vêrmeldinga for dei komande dagane varslar aukande vindstyrke og regnbyger. Det er alt no klart at dei kjem til å ta inn til Kjereidet og padla gjennom Kørelen til Eide, istaden for å leggja turen rundt Golta, seier Reigstad.

På veg nordover frå marinaen på Rong. Vêrmeldinga varslar aukande vind dei to neste dagane.

 

One thought on “Undervegs mot Rubbegarnståna

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.