Laila og Cato er komne halvvegs

Tre ordførarar møtte då Laila Reigstad og Cato Risløw kom padlande inn til naustet på Misje.

Trygg i kajakken. Laila Registad er opptekne av å læra strilane å kjenna seg trygge i kajakken. I dag var det Tom Georg Indrevik sin tur til å stå i den spinkle farkosten. Marianne Sandahl Bjorøy (framme) bidreg til å halda likevekta og Børge Haugetun (tv) støttar så godt han kan, saman med Laila og Cato.

Ved lunsjtider andre dagen er dei to padlarane komne halvvegs på turen rundt Nye Øygarden kommune. Nærare 80 kilometer er tilbakelagt sidan ferda starta på Straume i grytidleg 2. juledag.

Ein betre start kunne dei knapt ha fått. Nærast vindstille, og straumen i ryggen mesteparten av turen, kom dei heilt til Blomvåg før dei slo opp teltet første dagen – mykje lenger enn planlagt.

Les: Planlegg ekstrempadling – Nye Øygarden Rundt i romjula

Les: Undervegs mot Rubbegarnståna

Etter 30 timar og meir enn 80 kilometer i kajakken var det berre breie smil hos Cato Risløw og Laila Reigstad.

Høg lukkefaktor
Frå Rong gjekk turen nordover inn ved Hjelme kyrkje og vidare gjennom Hellesundet. Passeringa av Rubbegarnståna, det aller nordlegaste punktet på turen, vart feira med alkoholfritt ingefærøl i stetteglas, skriv Laila og rapporterer om høg lukkefaktor.

Straumane nedover frå Hellesøy imponerte padlarane stort. Sjølv den opne havstrekkja forbi Kollsnesanlegget var det nærast flat sjø, fortel Laila.

Synkronpadling. Ser ut som om Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik ikkje har gjort noko anna enn å padla tandem siste fire åra.

Halvvegsmarkering
Halvvegspasseringa ved naustet på Misje vart markert med stort oppmøte av padlevenar, tre ordførarar, to redningsskøyter, også Kjellemann og Radio 5000 Bergen.

Les: –Brrrfekt badetemperatur

No kjem uvêret
Frå Misje har Laila og Cato følgje av 10 – 15 padlevenar på turen vidare til Algrøy. Deretter ventar det som truleg vert den mest slitsame etappen – og no er det varsla aukande vind opp mot styrke 12 meter i sekundet, og mykje nedbør.

Endeleg avgjerd er ikkje teken – det vert opplevinga – ikkje vêrmeldinga som avgjer korvidt dei legg ruta inn gjennom Kørelen, eller om dei held fast på den opphavelege planen om å padla til Glesvær og rundt Tofterøy, seier Laila til nettavisa Tunnelsyn.no.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.