Måtte bryta Nye Øygarden Rundt

Vinden og bølgjene vart for store for mørkepadling.
(Saka er oppdatert.)

Laila Reigstad og Cato Risløw har avbrote padlinga Nye Øygarden Rundt på grunn av dårlege vêrtilhøve, skriv Laila i ei melding til nettavisa Tunnelsyn.no.

Til Algrøy
Padlinga frå naustet på Misje til Algrøy saman med padlevenar starta seinare og tok lengre tid enn planlagt. Etter pause der var det mindre enn ein time att før skumringa. Samstundes viste yr.no at det no blåste styrke 9 i mot, og at motvinden ville auka til liten kuling styrke 12 dei neste timane, ifølgje Reigstad.

– I dagslys hadde dette gått fint, men padling i mørke byr på høgare risiko, skriv Reigstad.

Etter nøye vurdering av vêrtilhøva landa dei på at dei ville stoppa i naustet på Algrøy.

Sjarmøretappe
Men sjarmøretappen frå Glesvær til Straume er ikkje avlyst, berre utsett. Laila og Cato inviterer no padleentusiastar til å halda følgje på turen ein søndag i nær framtid.

I mellomtida samlar dei to padlarane nye krefter heime.

 

 

One thought on “Måtte bryta Nye Øygarden Rundt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.