Skryt av båtfolket

Om bord på redningskøyta Kristian Gerhard Jebsen II er dei førebudde på å hoppa i sjøen for deg.

(Saka er oppdatert.)

Med 40 knops fart kan styrmann Lars Morten Skaar Herheim og redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen rekka Sture på ein halv time frå kaiplassen i Bergen.

Hordland er eit av dei fylka der redningsskøytene har det aller travlast, viser statistikken til Redningsselskapet. Styrmann Lars Morten Skaar Herheim om bord på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen skryt likevel av båtfolket.

Tek tryggleiken på alvor
-Når du ser på kor mange fritidsbåtar det er og kor mykje dei vert brukt, er det få alvorlege hendingar i vårt område. Folk er flinke til å ta tryggleiken på alvor, rosar styrmannen på redningskøyta Kristian Gerhard Jebsen II.

Når båtfolket i området mellom Sognefjorden og Stord får problem, er det redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen II, aleine eller saman med frivilligskøytene Bjørn Kyrkjebø og Utvær, som kjem til assistanse.

Totalt har dei hatt 564 oppdrag i vårt område i 2019. Av dei var 126 naudoppdrag initiert av Hovudredningssentralen, seier Herheim.

Framdriftshavari
Turøy-ulukka, Helge Ingstad havariet og brannen i ein oljetankar ved Stureterminalen. Ved alle store ulukker til sjøs utgjer Redningsselskapet ein del av hjelpemannskapet.

I 2019 har storparten av oppdraga vore i samband med bruk av fritidsbåtar, viser statistikken. Eit overveldande fleirtal har gått ut på å gje assistanse ved framdriftshavari som motorstopp, tom for drivstopp og tau i propellen. Mange situasjonar har løyst seg ved at mannskapet på redningsskøyta har hive ei trosse over til havaristen og slept dei til kai.

Grunnstøytingar har det vore langt færre av, berre 18. Brannar har det berre vore fire av, heldigvis.
Båtfolket i Hordaland er oppvaksne i båt. Saman med milde vintrar, sørgjer det for at oppdraga til Redningsselskapet fordeler seg nokonlunde jamt året gjennom, ifølgje Herheim.

Sjølv om fritidsbåtane sørgjer for at redningsskøytene har nok å gjera, var det berre ei av dei sju drukningsulukkene i Hordaland i 2019 som skjedde i samanhang med fall frå fritidsbåt, viser statistikken. Mest utrygt er det å ferdast i sjøkanten. Heile fem av drukningsulukkene skjedde som føljge av fall frå land eller brygge.

Redningsmenn
Alle om bord på Kristian Gerhard Jebsen II har vore gjennom ei redningsmannsutdanning ved Redningsselskapet sitt opplæringssenter i Horten.

Det same har mannskapet om bord på frivilligskøytene Bjørn Kyrkjebø og Utvær. Dei frivillige står vakter som inneber at dei skal vera klar til å rykka ut på 30 minutters varsel, seier Herheim.

Hoppar i sjøen
Skulle situasjonen tilseia det, er redningsmannskapa førebudde på å hoppa i sjøen for deg.

Ikkje alle stadar er det like einkelt for redningsskøytene å leggja til. Når personar har redde seg opp på eit skjær, til dømes. I slike situasjonar kan det vera at redningsmannskapa vurderer det som beste løysinga å hoppa i sjøen for å evakuera vedkomande tilbake til redningsskøyta, i staden for å venta på helikopter frå Hovudredningssentralen, seier styrmannen på redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen II.

Tenk førebygging
Mykjer av arbeidet til Redningsselskapet er førebyggjande. Skapa gode haldningar.

Det aller beste er om båtførarane klarar å løysa situasjonen sjølv, slik at dei slepp kontakta Redningsselskapet:
– Ha VHF om bord. Husk å ta med dregg og drivanker. Ta gjerne med eit ekstra filter til drivstofforsyninga også – men ha trent på å skifta filter før du står der, råder Herheim.

-Desto meir du har teke høgde på på førehand, dess lettare kan du handtera ein eventuell krisesituasjon på eiga hand, smiler han.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.