No bur vi i Øygarden

Valet av namn på den nye kommunen var slett ikkje nokon einkel prosess.

Dei hyggelege markeringane står i kø for Tom Geord Indrevik (H), første ordføraren i nye Øygarden, første veka i 2020. I dag kom skiltet som viser tilreisande som kjem over Sotrabrua at dei kjem til Øygarden kommune på plass på Knarrevik.

-Det heiter Øygarden, og ikkje lenger nye Øygarden. «Nye» er blitt borte ein stad undervegs, presiserer ordføraren smilande.

Sotrabrua er einaste køyrevegen til den nye kommunen. Kommuneleiinga diskuterer no med Statens vegvesen korvidt det også skal setjast opp eit skilt ved fergeleiet på Klokkarvik, eventuelt ved ombordkøyringa på Hjellestad.

Kjært barn…
Valet av namn på den nye kommunen har slett ikkje vore nokon einkel prosess. For oss som har følgt heile diskusjonen kring kommunesamanslåinga, framstår namnevalet som det temaet som har vekt sterkast engasjement, både hos politikarane og ute hos dei meininge innbyggjarane.

Om vi ikkje fekk folkerøysting om sjølve kommunesamanslåinga, burde innbyggjarane i det minste få eit ord med i laget om namnevalet, var det sterke krefter som hevda.

Les: Vil ha folkerøysting om nytt kommunenamn

Mange meinte – og meinar framleis – at Sotra er det mest naturlege namnet.

Les: Gjestekommentar: De sier det går ikke an, men Erna har gjort det før

Formannskapet i Øygarden kjempa ein til tider rå kamp for at Øygards-namnet skulle vera med vidare.

Les: Navnestrid

Formannskapet i Øygarden kjempa ein til tider rå kamp for å behalda namnet på den nye kommunen. I dag kunne tidlegare ordførar Børge Haugetun konstatera at skiltet kom på plass.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.