-I dag er vi alle strilar! Sjå bileta frå folkefesten!

Det myldrar av unge talent i skulane i Øygarden, avslørte folkefesten i Sotra Arena.

Tre kommunevåpen. Berre fyrtårnet vert med vidare.

Fjell, Sund og Øygarden no er ein kommune med namnet Øygarden.

Folkefesten i Sotra Arena gav statsminister Erna Solberg noko å foreviga for å visa dei borte i Oslo. Ved sida av henne varordførar Toril Selsvold Nyborg og kommunedirektør Rune Lid.

Folkefest vart det. Unge sang- og danse-talent i skulane våre fekk vist dei nærare 2.000 som hadde løyst billett til Sotra Arena i dag kva som bur i dei. Breidda i valet av engelske coversongar lovar godt. Ingen bør verta overraska om einskilde av dei som opptrådde i dag kjem til å setja Øygarden på det musikalske Norges-kartet om eit tiår eller to.

Konferansierane Regione Oen Hatten og Tor Bjørge var kortreiste.

For nynorsken derimot, var dette jamngodt med katastrofe: Kvar er Øygarden sine svar på Frida Ånnevik og Odd Nordstoga?

Øygarden ungdomsskule.
Reunited Dance – dei aller yngste.
Reunited Dance – dei litt større.

For Tom Georg, i dag heitte første ordføraren i Øygarden berre det, var dette festdagen over alle festdagar: Som stolt stril står han med føtene i fjæra og med blikket mot framtida.

Stolt stril: Ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Villsauskinn og Hellisøy fyr: Indrevik takk dei tre ordførarane som brakte kommunesamanslåinga i havn; Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Børge Haugetun. (Vart litt keitet den siste – handhelsa eller klemma? Strilakarar er ikkje vant til å klemma kvarandre.)

Sjølvaste Erna Solberg hadde teke turen over Sotrabrua for å markera at dei tre kommunane vestom Bergen no er ein:

-Det kan knapt verta betre. I dag er vi alle strilar, helsa statsministeren dei frammøtte. Ein festdag som dette lot ho seg freista til å trekkja den lokale tilhøyrigheten så langt strikken haldt – besteforeldra hadde hytte på Anglevik.

Øygarden vert nest største kommunen i nye Vestland fylke. For godt mål plussa statsministeren like godt på nokre hundre ekstra innbyggjarar også.

-Strilane har stor gjennomslagskraft. Eg kjenner dykk såpss at eg veit de kjem til å setja dykkar preg på heile nye Vestland, erklærte Erna Solberg.

At den nye kommunen har mange tettstadar frå nord til sør, framheva den sentraliseringsglade statsministeren som positivt:

-Heile kommunen skal sjølvsagt vera i bruk!, sa Solberg.

-De manglar eindel tilbod til dei som treng det aller mest, fann statsminister Erna Solberg rom for å minna om på denne festdagen.

Sjøv ein festdag som denne fann statsministeren det naudsynt å minna om at Øygarden manglar eindel tilbod til dei som treng det aller mest, som barnevern, rus, psykiatri og demensomsorg.

-De har litt arbeid å gjera når festrusen har gitt seg. Lukke til, avslutta Solberg før ho delte ut pengepremiar til skuleklassar.

1. klasse ved Skogsvåg skule, delte 1. premien i Plantekappleiken med 6. klasse ved Danielsen skule.

Dei som syntes det vart for vel mykje luftige festtaler, kunne sleppe lattermusklane laust etterpå, med eit overraskande innslag frå Glesnes-revyen.

I Glesvær-revyen har dei fått med seg at dei no er blitt Øygardsstrilar frå Sund.

Festdagen er langt frå over. Klokka 18.00 vert det korslag, med 12 lokale kor, og etterpå vert det dans med Gardsbruk.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.