Øygarden i okergult og grått

Kyst- og strilakulturen har vore inspirasjon for dei som har fargesett den nye grafiske profilen til Øygarden.

(Saka er oppdatert.)

Slik ser heimesida til nye Øygarden ut.

Den grafiske profilen til nye Øygarden vert presentert som ein del av festsamlinga i Sotra Arena i dag. Nettavisa Tunnelsyn kan alt no røpa hovudtrekka i det vi vil få sjå.

«Bunaden» til nye Øygarden kommune vert dominert av okergult, brunt og blågrått. Fargane har dei henta frå havet, naturen og røsslyngen. Gulfargen er henta frå det rettleiande lyset på fyrtårnet.

Fargebruken skal spegla ein kultur som vert kjenneteikna av å vera tydeleg, framtidsretta, jovial og nøysam.

Det er PR-verksemda Alf Gundersen AS frå Bergen som har utforma den grafiske profilen, i samarbeid med ei lokal arbeidsgruppe. I dette tilfellet har Bergensarane vore overraskande samstemte med deltakarane i «genser-konkurransen» sist haust om kva fargar som bør representera den nye kystkommunen vest for Bergen.

Les: Vi har ein vinnar

Konkurransen om Øygardsgensaren vekte engasjement. Dette var dei seks innkomne forslaga. Arkivbilete.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.