Verkeleggjer pappas gamle draum

Diskusjonane kring middagsbordet i ein politisk aktiv heim har vore viktig for Tom Georg Indrevik (50).

Som første ordføraren i nye Øygarden kommune er det Tom Georg Indrevik (H) som får verkeleggjera pappa, Georg Indrevik, (81) sin gamle draum om å verta valgt til ordførar.

Politikken starta i heimen
Den nyslåtte ordføraren har i mange samanhangar framheva tidlegare stortingsrepresentant Sigrid Utkilen (H) som ein politisk pådrivar i ungdomen. Men den politiske interessa starta i heimen.

-Vi hadde store politiske diskusjonar kring middagsbordet. Diskusjonane i heimen er eit viktig verktøy for å rekruttera nye politikarar. Dei politiske diskusjonane har stor betydning, uansett kva politisk parti du høyrer til, smiler Tom Georg Indrevik til ein stolt pappa.

Høgre
Også Georg Indrevik var aktiv i Høgre. Han sat i fylkestinget og var vararepresentant på Stortinget i to periodar. Etter overgangen til FrP vart han mellom anna varaordførar i Fjell i 2007 – 2011. Då Lars Lie døydde uventa i 2010 overtok Indrevik senior ansvaret som ordførar i ein kort periode før Eli Berland (H) tok over.

Ikkje minst var det lokale Unge Høgre-laget ein viktig pådrivar for den unge politikaren.
-Unge Høgre var på ein måte sjølvdrivne. Vi var ein gjeng som fekk det til å rulla av seg sjølv. Etter kvart vart vi største Unge Høgre-laget i Hordaland, utanom Bergen, seier Tom Georg Indrevik.

Modning
Indrevik senior seier det ikkje rett ut, men lar det skina gjennom at tanken om ein felles kommune av Fjell, Sund og Øygarden var byrja modnast alt på slutten av hans tid som varaordførar.

-Vi hadde så smått byrja å sjå på korleis henta synergiar og kutta kostnadar. Vi starta med å føreslå å leggja ned nokre av dei minste og mest kostbare skulane, seier Georg Indrevik.

Suksessoppskrift
-Skal du lukkast med noko over tid må du skapa eit miljø, eit lag eller ein organisasjon rundt det. Ein gjeng som likar å gjera ting saman, smiler den første ordføraren i Øygarden.

Etter ei hektisk veke med feiring av den nye kommunen, er det ingen tvil om at Tom Georg Indrevik og resten av gjengen i Fellesnemnda har klart å skapa eit engasjement rundt den nye kommunen. Kring 2.500 deltok på folkefesten i Sotra Arena i går. Vel 3.000 overvar det store korslaget seinare på kvelden.

Les: -I dag er vi alle strilar

Kyrkja
Engasjementet har dei klart å skapa i mange ulike miljø. Ingen skal vera i tvil om at Øygarden har kyrkja i ryggen.

-Kyrkjene og bedehusa betyr mykje i Øygarden. Dei har viktige roller i samfunnet, helsa den nye ordføraren dei nærare 2.000 som hadde funne vegen i regnet til den felles gudstenesta søndag.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.