Strilane kjøpte færre personbilar

Optimisme i Fjell, kombinert med sterk pessimisme i Sund og Øygarden, førte til ein liten nedgang i salet av nye personbilar i nye Øygarden i 2019. Lurer du på kva merke som var mest populære?

VW og E-Golf konkurrerte i fjor med Tesla om å vera det mest populære bilmerket i Norge. I morgon avslører nettavisa Tunnelsyn.no kva bilmerkjer innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden føretrekkjer.

Det vart i fjor registrert totalt 809 nye personbilar i nye Øygarden. Det var seks færre enn året før, ifølgje ferske tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV).

Øykommunane vest for Bergen føl dermed den nasjonale trenden med nedgang i nybilsalet, om enn i noko svakare grad.*)

Fjell på topp
OFV oppgjev framleis kommunevise tal for området som frå årskiftet går under kommunenamnet Øygarden. Den dominerande kjøpekrafta for nye personbilar var det fjellsokningane som stod for i fjor. Heile 618 av dei nye bilane vart kjøpt av personar med adresse i Fjell. 107 nye køyretøy har adresse i Sund, medan 84 er heimehøyrande i Øygarden.

Medan salet av nye personbilar hadde ein svak auke i Fjell, var det ein reduksjon på heile 18,9 prosent i Sund og 6,7 prosent i Øygarden.

Personbilsalget 2019 2018 Endring%
Fjell 618 593 4,2
Sund 107 132 -18,9
Øygarden 84 90 -6,7
Totalt 809 815 -0,7

Rekordhøgt elbil-sal
Innbyggjarane i øykommunane vest for Bergen lar seg freista av regjeringa sine subsidieordningar for nullutsleppsbilar. Bomringen i Bergen og utsiktene til bompengar på det nye Sotrasambandet medverka til at andelen selde elbilar i 2019 enda skyhøgt over det nasjonale snittet på 42 prosent.

Totalt vart det registrert 587 elbilar i dei tre kommunane i 2019. Det tilsvarar 72,6 prosent av alle nye personbilar.

Les: Spår katastrofe for bompengenedbetalinga på Sotrasambandet

Øygarden er framleis den kommunen der elbilane er mest populære. Trass ein kraftig nedgang i salet i fjor, utgjorde dei elektriske bilane likevel oppunder 80 prosent av nybilsalet i kommunen.
Lågast var andelen elbilar i Fjell, med berre 71,5 prosent.

Elbilar 2019 2018 % Endring
sml. 2018
% av totalt
Fjell 442 355 24,5 71,5
Sund 78 72 8,3 72,9
Øygarden 67 90 -25,6 79,8
Totalt 587 517 7,3 72,6

Lurer du på kva bilmerke som var mest populære i Fjell, Sund og Øygarden i 2019? Klikk deg inn på nettavisa Tunnelsyn.no i morgon, tysdag, så får du svaret.

*) To mogelege feilkjelder kan snu totaltala frå nedgang til oppgang:
1) Nye bilar kjøpt på leasing vert oftast registrert i den kommunen långjevaren held til.
2)Sotra Bil AS selde i fjor kring 70 Ford. Kor mange av dei som var personbilar og kor mange som var varebilar er uvisst. Då Sotra Bil er ein underforhandlar av Kverneland Bil, vert bilane dei sel ofte registrerte som selde i Bergen.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “Strilane kjøpte færre personbilar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.