To bilmerke kjempa om strilane si lommebok

Den lokale forhandlaren henta sigeren heim.

Kvar femte nye bil aom vart sels i Fjell, Sund og Øygarden i fjor var ein Hyundai. Dagleg leiar Geir Ole Lie viser stolt fram den mestseljande modellen, ein Ioniq.

Hyundai og Tesla var dei aller mest populære bilmerkene i nye Øygarden i fjor. I eitt år med svak nedgang i bilsalet kom heile fire av ti selde nye personbilar frå desse to produsentane.

Les: Strilane kjøpte færre personbilar

Hyundai
Heilt på topp kom Hyundai, med 167 selde bilar. Tesla klarte 158, medan Volkswagen vart med heim til 113 bilkjøparar.

Kvar femte bil som vart seld i Fjell, Sund og Øygarden i fjor var ein Hyundai. Merket toppa salsstatistikken  i alle dei tre kommunane. På få år har den lokale bilforhandlaren Lieco Auto AS snudd nedgang til oppgang.

Les: Bråbrems for bilforhandlarane

Elbil
Elbilane utgjer ein viktig del av forklaringa.  Dei populære elbilane Ioniq og Kona stod for over 90 prosent av totalsalet hos Lieco Auto i fjor, seier dagleg leiar Geir Ole Lie.

Den lokale forhandlaren slår dei aller fleste Hyundai-forhandlarane. I landssamanhang kom Hyundai ut som det sjuande mest selde personbilmerket i fjor. Godt bak Volkswagen, Tesla og Toyota.

-Noko må vi ha gjort rett, smiler Lie.

Lokal tilstadeværelse gjennom fleire tiår, kombinert med eit tilbod av tenester som dekkar alt frå nysal, via skifte av vindusruter og dekkhotell til reparasjonar, inngjev tillitt og tryggleik, forklarar Lie suksessen.

Ford
På tampen av fjoråret kjøpte Lieco konkurrenten Sotra Bil AS. Ford er nærast usynleg på den lokale salsstatistikken, og kjem ikkje med på lista over 10-på-topp.

Forklaringa er ikkje manglande sal, men at Sotra Bil er ein underforhandlar til den bergenske forhandlaren Kverneland, og at dei kring 70 selde Fordane vart registrerte som selde i Bergen, hevdar Lie.

10 mest selde personbilmerke 2019
Fjell Sund Øygarden Totalt % av totalen
Hyundai 126 24 17 167 20,6
Tesla 126 18 14 158 19,5
Volkswagen 79 21 13 113 14,0
Nissan 58 13 7 78 9,6
Toyota 54 4 5 63 7,8
BMW 37 2 9 48 5,9
Jaguar 20 0 0 20 2,5
Audi 16 2 2 20 2,6
Volvo 14 4 2 20 2,6
Mercedews Benz 11 3 1 15 1,9

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “To bilmerke kjempa om strilane si lommebok

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.