Yrkesmessa: -Nokon må gjera jobben

Aldri har oppveksande ungdomar hatt fleire fag og yrke å velja mellom.

(Saka er oppdatert.)

Har bestemt seg: Det vert helse og oppvekst ved Sotra vidaregåande, avdeling Sund, på Malin Teisbø og Liam Oddekalv til hausten. Venninna Tuva Dale ville ikkje vera med på biletet, men ho vil til Kunst, design og arkitektur ved Olsvik vgs.

For 33. gong arrangerte Sotra Rotary yrkesmesse for alle 10. klassingane ved dei fem ungdomsskulane i nye Øygarden.

-Vi i Rotary er glade i å jobba med ungdom, så denne messa er midt i blinken for oss, seier president Anja Solli og Sigurd Hope i Sotra Rotary til nettavisa Tunnelsyn i ein roleg augneblink medan eit 500-tals ungdomar, saman med foreldre og utstillarar pressar på rundt dei i Sotra Arena.

Aktuelt og framtidsretta
Valmogelegheitane er mange, og mange ungdomar er usikre på kva dei skal verta når dei vert vaksne. Aldri har oppveksande ungdomar hatt fleire fag og yrker å velja mellom. For å hjelpa dei å treffa dei rette vala, var eit 30-tals verksemder og opplæringskontor, saman med 15 vidaregåande skular, henta inn til årets yrkesmesse for å fortelja 15 – 16-åringane kva framtid som ventar innanfor nettopp deira fag.

I forkant av messa hadde samtlege ungdomar fått utdelt den lokale Rotaryklubben sitt 52 siders yrkesmagasin.

Aktuell og framtidsretta: Havet er tema for årets utdanningsmesse, seier president Anja Solli og Sigurd Hope i Sotra Rotary.

-Målet er å informera om aktuelle og framtidsretta yrke. «Havet» er tema dette året. Vi legg og vekt på å få fram mogelegheitane innan mellom anna vindkraft og det aukande miljøfokuset i samfunnet, seier Solli.

Andre hadde bestemt seg alt før dei kom, og drog til Sotra Arena for å få bekrefta at valet er rett.

Lysare for læreplass

Kjekt å vera lærling i kommunen: Isabell Hagenes (th), Matias Svellingen, Martin Fjeldstad og Rine Osland har vore lærlingar i nye Øygarden kommune siste halvåret. På ytdanningsmessa skulle dei vera rollemodellar for yngre ungdomar. Sondre Ebbesvik (i midten) var ikkje heilt overtydd.

 

Nye Øygarden kommune vert ei av dei største læreplassverksemdene i regionen. Ei handfull av dei 99 lærlingane stod på stand på yrkesmessa for å fortelja sine jamnaldrande om breidda i tilbodet og kor godt dei trivest i det offentlege.

Mekaniske fag står sterkt i oljesmurte Øygarden. Utsiktene til å få læreplass i desse faga svingar med aktiviteten i næringslivet, men er no betre enn på lenge. Grethe Bjorøy i L2L opplæringskontor reknar med å kunna tilby oppunder 100 læreplassar til hausten.

-Mange vel tradisjonelle yrkesfag, og så tek dei studiepåbygg og går vidare etter nokre år, seier Einar Friis ved Sotra Vidaregåande.

-Tradisjonelle yrkesfag har fått eit løft dei seinare åra, samstemmer kollega Frode Fedje.

-Statistikken vil ha det til at fråfallet innan yrkesfaga er så stort. Det er heilt feil. Det kjem heilt an på korleis du les tala, hevdar rektor Torstein Telle ved Sotra Vidaregåande.

Mamma tek valet
Mange av ungdomane hadde med mamma og pappa på yrkesmessa, og brukar dei som sparringpartnar når valet skal takast.

Mødrene er dei som har største påverknaden på ungdomane sitt yrkesval. Mødrene har ein tendens til ikkje å anbefala utdanning innan realfag og olje og gass, seier Gunnar Buvik og viser til ei undersøking gjort av Norsk Olje og Gass.

Ei slik haldning er jo veldig urettferdig ovanfor ei næring som står sterkt lokalt, tenkjer den tidlegare forretningsutviklaren i GCE Subsea.

-Olje og gass er eit område der det er ein veldig mangel på fagarbeidarar for tida. Nokon må jo gjera jobben, seier Buvik.

1. mars

Utforsking av VR-teknologi vil vera ein viktig del av undervisninga på det nye faget i informasjonsteknologi og medieproduksjon ved Hop vgs.

For private skular var yrkesmessa eit glimrande høve til å visa seg fram. Hop vgs i Bergen er best kjend for sine spesielt tilrettelagte tilbod. Under yrkesmessa nytta Rune Langhelle høvet til å reklamera for den nye linja i informasjonsteknologi og medieproduksjon som startar til hausten.

Nokon av dei vidaregåande skulane kom langvegs frå. Sygna vidaregåande i Balestrand i vakre Sogn lokkar mellom anna med internatskule og 3-årig utdanning innan kunst, design og arkitektur.

1. mars er frist for å søkja opptak i vidaregåande skular. Om lag halvparten av dei vel 500 ungdomane i nye Øygarden vil velja yrkesfag, medan like mange vil føretrekkja studiespesialiserande, spår Telle.

One thought on “Yrkesmessa: -Nokon må gjera jobben

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.