Ventar ikkje på Stortinget si godkjenning

Equinor lyser denne veka ut oppdraget med førebuinga til bygginga av eit mottaksanlegg for CO2 på Kollsnes.

Slik kan mottaksanlegget for CO2 på Kollsnes verta sjåande ut. Illustrasjon: Multiconsult.

I anbodsutlysinga ber Equinor ASA om pris på planering av tomten, bygging av kaianlegg og administrasjonsbygg i Naturgassparken Vest på Kollsnes, ifølgje ei pressemelding frå Øygarden kommune.

Utlysinga vert gjort med forbehald om eit positivt vedtak i Stortinget denne våren om finansiering av eit fullskala demonstrasjonsprosjekt for karbonfangst og lagring.

Les: Kan ikkje lova CO2-fangst og lagring

Det er Equinor ASA, på vegne av Northern Light-prosjektet, som formelt står bak anbodsutlysinga, skriv konserndirektør Øyvind Langedal i CCB AS til nettavisa Tunnelsyn.

Miljøtiltak
– Dette er eit viktig miljøprosjekt. Ei konsekvensutgreiing viser at det ikkje er avdekt miljø- eller samfunnsmessige konsekvensar som tilseier at prosjektet ikkje bør realiserast. Eg har stor tru på at styresmaktene vil realisera prosjektet, seier ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik i pressemeldinga. Han støttar seg på eit vedtak formannskapet i Øygarden gjorde då dei i går avhaldt møte hos Equinor på Kollsnes.

Utbygginga, om han vert realisert, vil gje positive ringverknadar for det lokale næringslivet, ifølgje Langedal.

To fasar
Utbygginga på Kollsnes vert planlagt i to fasar. Anbodsutlysinga gjeld førebuinga til første fase av utbygginga. Her vert det planlagt med ein mottakskapasitet på 1,5 millionar tonn CO2 frå hausten 2023, og med ein driftsperiode på 25 år. Fase to vil ha ein kapasitet på lagring av inntil 5 millionar tonn CO2 årleg, ifølgje pressemeldinga.

Fase ein av utbygginga av heile karbonfangst- og lagringsprosjektet vert førebels stipulert til å krevja investeringar på 6,35 milliardar kroner. Usikkerheten kring kostnaden vert opplyst å vera 30 prosent.

Dei årlege driftskostnadane vert stipulert til 179 millionar kroner.

Les: Klimaministeren på Kollsnes: Kostnaden med CO2-fangst og lagring må ned

Drifta av anlegget forventar å gje 18 årsverk lokalt, ni årsverk regionalt og ytterlegare 46 årsverk på nasjonalt nivå. I utbyggingsfasen kan det verta grunnlag for over 2.000 årsverk nasjonalt, ifølgje pressemeldinga.

Nasjonal kjede
Mottaksanlegget for CO2 på i naturgassparken på Kollsnes vil inngå i ein nasjonal kjede for fangst, mottak og lagring av CO2 under havbotnen i Nordsjøen. Equinor ASA er operatør for prosjektet saman med AS Norske Shell og Total E&P Norge AS.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Fangsten av CO2-en vil skje i to store industrianlegg på Austlandet. CO2-en vil koma med skip til Kollsnes der han skal mellomlagrast i store tankar før han skal sendast i eit 100 kilometer langt rør ut til injeksjonsbrønnen under Trollfeltet i Nordsjøen.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.