Oppdrettskongen

Norske lakseoppdrettarar har trukke vinnarkortet.

Lite volum, nær tredobbel verdi. Kjelde: Holberggrafene.

Norsk sjømatnæring eksporterte i fjor varer til ein samla verdi av 107 milliardar kroner. Oppdrettslaks stod for ein vesentleg del av verdien.

Dei norske lakseoppdrettarane har trukke vinnarkortet. Laksen er ein av dei marine artane som er mest lønsame for oppdrettarane.

Les: -Sjå mot Asia

I global oppdrettssamanhang er laks ein marginal art. Forutan Norge, er laksen «konge» i oppdrettsnæringa i Skottland, Færøyane og Chile. Med berre 2,3 millionar tonn av ein global marknad på 110 millionar tonn, står laksen berre for 2,6 prosent av volumet i den globale oppdrettsnæringa, ifølgje Holbergfondene.

Verdien av laksen utgjer heile 144 millardar kroner, eller 6,4 prosent av den globale marknaden for oppdrettsfisk, som er på 2250 milliardar kroner.

Sjømatrådet forventar ein årleg vekst i eksportverdien på 7 prosent, og ein dobling til 200 milliardar kroner fram mot 2030. Børsen er mindre optimistisk. Verdien på kontraktane for levering eitt år fram i tid tilseier at prisen skal ned frå dagens 77 kroner per kilo til 55 kroner.

Lakseprisen skal ned, trur aktørane på børsen. Kjelde: Holberggrafene.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.