Ansvarspulverisering og kommunikasjonssvikt på Fjell Festning

Rapporten Rambøll har utarbeidd om skoghogsten på Fjell Festning etterlet fleire spørsmål enn svar. På eitt område er konsulentrapporten likevel krystallklar.

Ein rapport til å dra lærdom av, er ordførar Tom Gerog Indrevik og kommunalsjef for kultur og samfunn Råmund Skjold samde om. For å få ei mest mogeleg heilskapleg vurdering av kulturminna og dei øvrige interessene på Fjell Festning skal det vidare planarbeidet i første omgang drøftast i samband med planstrategien til den nye kommunen.

Området rundt Fjell Festning er særs rikt på kulturminne frå 2. verdskrig, både under og over bakken. Medan anlegga under bakken er verna, vert kulturminna over bakken ikkje omfatta av vernestatusen, ifølgje  ein fersk rapport frå konsulentselskapaet Rambøll.

Tilbakeføring av landskapet

Eit område av Fjell Festning etter landskapsryddinga. Foto: Rambjøll.

Sist sommar vart eit 90 mål stort areal av festningsområdet rydda for skog. Eit arbeid som var meint å skulla tilbakeføra landskapet til slik det såg ut under krigen, før den storstilte utplantinga av sitkagran.

Storparten av skogryddinga vart utført ved hjelp av tunge anleggsmaskiner. Arbeidet vart møtt med protestar av di ein frykta det ville føra til skade på kulturminna. Kulturavdelinga i Fjell, Museum Vest og fylkeskonservatoren freista alle å stoppa arbeidet undervegs, men utan å nå fram.

Kan ikkje svara
Utgangspunktet for oppdraget til Rambøll var å få svar på spørsmålet om korvidt hogstarbeidet faktisk førte til skade på kulturminna i festningsområdet.

Rapporten, som kosta oppdragsgjevar Fjell kommune kring 300.000 kroner å utarbeida, i følgjeeiningsleiar for plan og folkehelse Hanna Gjestdal, svarar likevel ikkje på spørsmålet.

-Det er ikkje mogeleg for oss å ta stilling til dette spørsmålet, då det ikkje er nok kunnskap om førtilstanden, skriv konsulentselskapet i rapporten. Ei vurdering som skal vera gjort i samsvar med oppdragsgjevar.

Den einkle oversikten over kulturminna som ligg ved rapporten er laga på grunnlag av ei synfaring i oktober i fjor, altså etter at landskapsryddinga var avslutta. Heller ikkje her kjem det fram noko om tilstanden på dei einskilde kulturminna.

Kritiserer prosessen
Rapporten konsulentverksemda Rambøll har utarbeidd på oppdrag frå Fjell kommune er derimot krystallklar når det kjem til evalueringa av prosessen som vart gjennomført i forkant av landskapsryddinga.

Prosessen var prega av mange interessentar, ansvarspulverisering og dårleg kommunikasjon, medgjekk ordførar Tom Georg Indrevik (H) då han i dag la fram Rambøllrapporten for lokale media.

-Kommunikasjonen burde ha gått gjennom rådmannen. Han hadde hatt mynde til å stoppa arbeidet, Alle interessentane burde og ha vore involverte på eit tidlegare tidspunkt, seier Indrevik.

-Dette er noko den nye kommunen må ta lærdom av, legg ordføraren i Øygarden til.

-Kostnaden med å få utarbeida rapporten er ikkje vekkasta, seier Indrevik. Han vil likevel ikkje vera med på at uklåre ansvarslinjer og dårleg kommunikasjon er noko som karakteriserer arbeidet i den nye kommunen.

-Eit slikt arbeid ville vi uansett ha måtta utført på eit seinare tidspunkt, hevda Gjesdal.

Overlappande prosessar
Det var eigedomsavdelinga i Fjell kommune som tok initiativ til skogryddinga. I følgje Rambøll starta planlegging av arbeidet heilt tilbake i 2015.

Den interne planlegginga på eigedomsavdelinga overlappa med fleire planarbeid på kulturminnesektoren. Alt i 2012 vart det utarbeida framlegg til ein verneplan for festningsområdet. Ein plan som aldri vart vedteken.

Arbeidet med ein temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø i Fjell starta hausten 2016. Her vert festningsområde vurdert å ha svært høg kulturminneverdi. Museum Vest føreslår at det vert etablert ei større omsynssone kring anlegget. Kulturminneplanen fekk mykje merksemd då han vart førstegongs politisk behandla før ferien 2019, altså like før skogryddinga tok til.

– Her må vi berre ta sjølvkritikk. No må vi sjå på korleis vi kan sikra ein klar og tydeleg struktur og gode kommandolinjer i framtida, seier Indrevik.

Skyttergravskrig
Dette var ikkje første og einaste gongen at dei mange interessentane i tilknyting til Fjell Festning ikkje klarar verta samde om korleis samarbeidet på det historiske anlegget bør fungera. Nettavisa Tunnelsyn.no skreiv i sommar om skyttergravskrigen mellom Museum Vest og Sotra og Øygarden forsvarsforeing om kva historiske krigseffektar som bør stillast ut i kanonbrønnen.

Les: Skyttergravskrig på festninga

Fylkesmannen
Det høyrer med til historia at storparten av skogen som vart felt i sommar ikkje var hogstmoden, ifølgje Rambøll.

Mesteparten var kratt som vart omgjort til flis og spreidd i terrenget. Fjell kommune fekk difor langt mindre for tømmeret enn dei kunne ha fått om hogsten hadde vore utsett nokre år. Istaden fekk kommunen dekka 70 prosent av rekninga på kroner 956.000 kroner for det kontroversielle tiltaket av landbruksmidlar frå Fylkesmannen i Hordland.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.