Venstre hentar erfaren næringslivskvinne til styret

Rapportane frå årsmøtet får Øygarden Venstre til å framstå som ein fredeleg oase.

Ellen Pedersen. Arkivbilete.

Styret i Øygarden Venstre består no av tre kvinner og to menn. Elizabeth Toft Erichsen held fram som leiar og Brith Ediassen som nestleiar i lokalpartiet, vedtok årsmøtet i kveld.

Nye i styret er den erfarne næringslivskvinna Ellen Pedersen. Ho er til dagleg styreleiar i Sotra Fiskeindustri AS og busett på Glesvær.

Ny i styret er og Børge Haugetun, partiet sin einaste representant i kommunestyret i nye Øygarden.

-Eg tenker det er flott at vi no får eit veldig tett samarbeid med vår kommunestyrerepresentant. At han sjølv ynskjer å være ein del av styret ser eg som veldig positivt, skriv Elizabeth Toft Erichsen i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Remi Lønøy held fram som styremedlem.

Akklamasjon
Årsmøtet vedtok framlegget til valkomiteen sin leiar, Børge Haugetun, med akklamasjon, ifølgje Toft Erichsen.

Oppmøtet på årsmøtet spegla elles oppslutnaden om partiet for tida. Berre åtte medlemmar fann vegen til årsmøtelokalet, ifølgje Toft Erichsen.

Varamedlemmar vert Sigrun Søyland, Espen Elstad og Karina Hollup.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.