-Dei har fortent ein medalje

Bjørn Dåvøy (th), Bent-Inge Misje og Ole-Asbjørn Fauske har alle tenestegjort for Norge i internasjonale operasjonar. No etteryser dei fleire veteranar som fortenar ein medalje.

Mange Sotra- og Øygardsstrilar kan gå rundt og ha fortent ein medalje, utan å vita det sjølv.

Afghanistan, Libanon, Gaza, Kongo… Sidan Tysklandsbrigaden vart oppretta like etter 2. verdskrig har kring 100.000 nordmenn gjort teneste i internasjonale operasjonar i 40 land og i fire verdsdelar.

Internasjonale operasjonar
Mange av veteranane er heimehøyrande i nye Øygarden, er tidlegare brigader Ole-Asbjørn Fauske, Libanon-veteran Bjørn Dåvøy og feltprest Bent-Inge Misje samde om. Alle tre har tidlegare vore utanlands i teneste for Norge og er no aktive i det lokale veteranmiljøet.

-Alle som har tenestegjort for det norske Forsvaret internasjonalt har rett på ein medalje. Ordninga med deltakarmedaljen som vart innført i 2000, har tilbakeverkande kraft, men mange tidlegare veteranar er ikkje klar over ordninga, seier Fauske.

Ta kontakt
No går dei tre veteranane ut og etterlyser tidlegare soldatkolleger som og bør heidrast med deltakarmedaljen.

-Mange Sotra- og Øygardsstrilar kan gå rundt og ha fortent ein medalje, utan å vita det sjølv, hevdar dei tre.

Det seier dei fordi dei veit at mange innbyggjarar i øykommunane vest for Bergen opp gjennom åra har late seg rekruttera til teneste på marinebasen Haakonsvern, eller i andre greiner av Forsvaret. Nokon av dei har og delteke i internasjonale operasjonar.

Mørketal
Forsvaret sine offisiell tal tilseier at kring 300 personar heimehøyrande i øykommunane vest for Bergen har tenestegjort for det norske Forsvaret internasjonalt.

Fauske trur talet på lokale veteranar er langt høgare. Nett kor mange det kan vera snakk om er han likevel usikker på.

Uvissa skuldast registreringa. Det var først eingong på 1990-talet at Forsvaret gjekk over til å registrera dei tenestegjerande på data, fortel Bjørn Dåvøy. Dess lenger tilbake i tid ein må, dess større vert truleg mørketala.

Medaljeseremoni
Ein tidlegare ukjent veteran er førebels spora opp som følgjer av innsatsen. Han vil få tildelt deltakarmedaljen under ein høgtidsam seremoni på frigjerings- og veterandagen 8. mai. Seremonien vil skje lokalt, som eit ledd i synleggjeringa av veteranane sin innsats for landet, fortel Fauske.

Les: Veteranane skal verta meir synlege

-Er du i same situasjon, eller kjenner du nokon som kan vera aktuell, ta kontakt med oss, oppfordrar dei tre.

På Forsvaret sine sider kan du lesa meir om ordninga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.