Full frifinning for Aegopodium

Han er letta, dagleg leiar Roy Wareberg i offshoreselskapet Aegopodium AS, over at retten kom til same konklusjonen som han sjølv, eigarane og fem forskjellige uavhengige ekspertar.

Det vart full frifinning i Bergen Tingrett for dagleg leiar Roy Wareberg (framme) og hovudaksjonær Knut Øgreid i bergingsselskapet Aegopodium AS. Arkivbilete.

For offshore- og  bergingsselskapet Aegopodium AS på Ågotnes vil gårsdagen gå inn i historia som ein merkjedag. Frifinninga i Bergen Tingrett inneber at dei endeleg kan setja punktum og legga konkursen i det tidlegare selskapet Atlantic Offshore AS bak seg.

Les: Sel unna verdiane Atlantic Offshore

Dommarane i Bergen Tingrett gav verksemda og eigarselskapet Øgreid AS i Stavanger fullt medhald i påstanden om at kjøpesummen på 14,9 millionar kroner for overtakinga av verdiane i Atlantic Offshore AS i 2016, var rett.

Saksøkjar var konkursbuet i Atlantic Offshore AS. Dei hevda at verdifastsetjinga ved salet av 19 skip til den dåværande hovudaksjonæren Knut Øgreid var ulovleg låg.

Les: Konkursbu trekkjer offshorerederi for retten

Det var saksøkjar som hadde bevisbyrden i dette tilfellet. Dei har ikkje klart å dokumentera at salet av skipa til Øgreid AS i 2016 skjedde til underpris, konkluderer dommarane.

Før konkursen hadde dåverande Atlantic Offshore AS ei gjeld på over to milliardar kroner. I over eitt år freista leiinga å finna ein kjøpar til verksemda, utan å lukkast.

Les: Aegopodium-advokat truga med konkurs

Fann ingen andre kjøparar
-Vi gjorde vårt ytterste for å gjera dette rett. Etter at vi konkluderte med at det ikkje var mogeleg å selja til andre, hyrte vi inn fleire uavhengige verdivurderingar; frå EY, Alpha Corp, Breamar og Clarckson, som i sum konkluderte med det vi til slutt enda opp med. I tillegg fekk og bostyret alt i mai 2016 bekreftet det same av deira innleigde konsulent Alix Partner frå London, skriv Wareberg i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Det var forventa at vi vant. Vi er likevel letta over at retten mente det same som oss og fem forskjellige uavhengige ekspertar, legg den daglege leiaren i Aegopodium AS til.

Medvind
Etter å ha kvitta seg med gjeld for nærare 700 millionar kroner gjennom konkursen, har Aegopodium AS sigla i medvind.

Les: Bergingsrederi tilbake i djupt farvatn

-Vi berga den gongen fleire hundre arbeidsplassar og driv stadig lønsamt. Vi ønskjer no å sjå framover og vidareutvikle selskapet. Sjølv om marknaden er svak, er han i betring. Vi ser mange spanande mogelegheiter, oppsummerer Wareberg framtidsutsiktene.

Frifinninga inneber at Aegopodium AS får dekka saksomkostningar på 5,1 millionar kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.