Rydda etter festen

1,3 tonn gummi og sinnsjukt mange flasker.

Trivest best på botnen – medlemmane i Bergen og omegn fridykkerklubb. Her Marina Orupe.

Dei trivest best på botnen, medlemmane i Bergen og omegn fridykkerklubb. Eit 15-tal av medlemmane lot i dag krabbe og kamskjell i fred til fordel for avfallsrydding utanfor kaien til Ran Seilforening på Anglevik.

Gjensidig glede og nytte
Ei prioritering ikkje berre fridykkarklubben, men og seglforeninga og miljøet drog fordel av. Aksjonen er påmeldt «Hald Norge Reint». Slik sikra dykkarklubben seg eit kjærkome bidrag til klubbkassen. Pengar dei planlegg å nytta til kursverksemd og innkjøp av utstyr. Attpåtil sikra dei seg gratis lokale til klubbfesten, smiler leiar Hans-Martin Martinussen.

Ran Seilforening feira 125-års jubileum i fjor. I dag fekk rydda eit lite stykke havbotn utanfor kaikanten for gammal moro. Eit tiltak dei hadde prata om lenge, ifølgje Jon Andreas Bygstad som er medlem begge stadar.

Gummi

Glade fridykkarar viser fram litt av dagens «fangst» 37 gamle lastebildekk.

Resultatet av dagens aksjon fyllte ein heil kontainar.

Utslitne lastebildekk av gummi har i mange år vore gjenbrukt som fendarar langs kaikanten. I løpet av alle desse åra har svært mange av fendarane slite seg i storm og bølgjer. Dagens hovudfangst var 37 store gummidekk. Ein «fangst» som til saman vog 1,3 tonn, anslår Andre Gandrudbakken.

Men medlemmane i seglforeningen har ikkje berre segla i desse 125 åra. Det vart og henta opp sinnsjukt mange glasflasker, ifølgje ein av dei som deltok i aksjonen. I dag fekk dei rydda etter festen. Saman med takplater av metall og ein rusten sykkel sørga flaskene for topp på den innleigde kontainaren.

-Det er minst like mange dekk att på botnen, så vi må nok ha ein ryddedag til, konstater Bygstad.

Fridykking

Tungt arbeid. Kvart dekk veg anslagsvis 70 kilo. Og framleis er det minst like mange att på botnen.

Ein fridykkar dykkar utan surstoff-flasker. Hen er trent til å halda pusten i fleire minutt under vatn, om hen held seg i ro og ikkje brukar oksygen.

Å løfta og festa tau i gamle dekk er hardt arbeid, dessutan rotar det opp mykje mudder. Eitt minutt var difor grensa for kor lenge dykkarane fekk lov å nytta til å opphalda seg på botn denne dagen. Maks djupn var 12 meter. Også det er lite, samanlikna med kva rekordar einskilde av medlemmane i klubben kan skilta med, ifølgje Gandrudbakken.

-Vi kosar oss i sjøen. Vi er ikkje berre opptekne av å hausta, men og av å rydda. Sotra er eit dykkeparadis vi ønskjer å ta vare på, seier Bastian Hoffmann.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.