Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

Det er ein god skikk å ha begge kjønn representert på toppen i politikken.

Peikar seg ut: Anita Garlig Johannessen (FrP) og Nina Glesnes (SL). Begge er dyktige damer med lang fartstid i politikken.

Torill Selsvold Nyborg (KrF) er kalla til Stortinget som vara for Knut Arild Hareide medan han sit i regjering. Mindre enn ein månad etter at nye Øygarden er eit faktum må kommunen ut på leit etter ny varaordførar.

Spaninga no knyter seg til kven som vert den nye varaordføraren. Skal fyrtåret i vest framleis kunna rosa seg av å likestilling i dei politiske toppstillingane, er det to kandidatar som peikar seg ut. Det er Nina Glesnes (SotraLista) og Anita Garlid Johannessen (FrP) – såframt dei sjølv vil.

Den nye varaordføraren skal veljast mellom medlemmane i formannskapet, i følgje tilrådinga til kommunestyret. Nyvalet kjem brått på. Valkomiteen skal ha møte i morgon kveld. Då er det også gruppemøte i dei politiske partia.

Samarbeidsavtalen mellom dei fem partia i posisjon (H, SotraLista, FrP, KrF og V) som vart inngått etter valet sist haust tildelte Høgre ordføraren og KrF varaordføraren. Ei fordeling som gav oss ein mann og ei kvinne på topp i politikken. Forventningane om likestilling var oppfylt.

I kor stor grad var det utslagsgjevande for valet av varaordførar sist haust at Torill Selsvold Nyborg er den ho er; tidlegare fylkesordførar i Hordaland og med eit vidt nettverk både i KrF på landsplan, men og utanfor partiet? Det er uvisst om samarbeidspartane på det tidspunktet var klar over at ho var 1. vara for Hareide på Stortinget, og at det difor var ein viss risiko for at vi kunna mista henne.

Det er ingen automatikk i at KrF skal ha den nye varaordføraren. Øygarden føl formannskapsmodellen. Det vil seia at dei politiske partia si oppslutning hos veljarane skal speglast i representasjonen i leiarverv, styre og utval. At Høgre skal få begge topp-posisjonane kan dei ikkje forventa. KrF har fire representantar i kommunestyret. Det same har FrP. SotraLista har derimot fem.

Får KrF behalda vervet, og ein av partiet sine vara rykkjer opp, vert Atle Dåvøy ny varaordførar. I så fall er veljarane sine forventningar om likestilling på toppen broten.

Både Glesnes og Garlid Johannessen er alt valt inn i formannskapet. Begge er særs dyktige damer med lang fartstid i lokalpolitikken. Garlid Johannessen har og erfaring frå Fylkestinget.

Det er ein god skikk å ha begge kjønn representerte i politiske toppstillingar. I ein kommune med visjon om å vera eit fyrtårn er det ein sjølvfølgje.

3 thoughts on “Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.