Avfeiar likestillingsspørsmålet som ikkje relevant

-Samarbeidsavtalen seier at KrF skal ha varaordføraren.

Anita Garlid Johannessen, FrP sin gruppeleiar i kommunestyret, lar samarbeidsavtalen med Høgre, KrF, SotraLista og Venstre få førsteprioritet over eigne politiske ambisjonar.

Anita Garlid Johannessen, FrP sin gruppeleiar i kommunestyret, ønskjer ikkje å svara direkte på korvidt ho kan tenkja seg å vikariera i stillinga som vararordførar i Øygarden i den tida Torill Selsvold Nyborg er på Stortinget.

Les: Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

På direkte spørsmål om ho kunne tenkja seg vervet, om ho vert spurt, tonar ho ned eigne ambisjonar:

– Ja, det trur eg. Har ikkje tenkt så mykje på det.

Samarbeidsavtralen
Garlid Johannessen er tydeleg på at ho ikkje ønskjer å setja samarbeidsavtalen med Høgre, KrF, SotraLista og Venstre i spel fordi om KrF sin frontperson mellombels må pendla til Oslo:

-Samarbeidsavtalen seier at Høgre skal ha ordføraren og at KrF skal ha varaordføraren. Vervet går på parti, ikkje på person, seier Garlid Johannessen til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Det er sikkert dei som vil påpeika kvinnepolitiske synspunkt i denne samanhangen, men den nye varaordføraren skal hentast frå formannskapet. KrF manglar kvinner på varalista. No vil dei kjøra Atle Dåvøy opp. Det er berre slik det er, seier FrP sin gruppeleiar.

-Dette har ingenting med at eg ikkje kan tenkja meg eit slikt verv. Det har med avtalen å gjera, understrekar Garlid Johannessen.

-Sidan Atle vert den nye varaordføraren, er spørsmålet heller ikkje relevant, legg ho til.

Styret i lokallaget til FrP har ikkje diskutert spørsmålet.

-Slike spørsmål er det kommunstyregruppa sjølv som avgjer. Styret har med organisatoriske spørsmål å gjera. Eg er sikkjer på at styret vil stilla seg lojalt bak samarbeidsavtalen, seier Anita Garlid Johannessen.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.