Markerer frigjeringa av Auschwitz

Nordsjøfartmuseet markerer at det i dag er 75 år sidan den illgjetne fange- og utslettingsleiren Auschwitz vart frigjort.

Nazistane sin fange- og utslettingsleir Auschwitz i Polen framstår som sjølve symbolet på holocaust. Dei sovjetiske styrkane si frigjering av leiren 27. januar 1945 vert markert som den internasjonale Holocaustdagen.

Ved Nordsjøfartmuseet i Telavåg markerer dei dagen med eit foredrag om jødane i Bergen og Hordaland sin skjebne under 2. verdskrigen. Føredragshaldar er Per Sebak, direktør ved Sjøfartsmuseet. Han har tidlegare skrive bok om holocaust i Bergensområdet.

https://nordsjofartsmuseum.museumvest.no/norsk/kva-skjer/foredrag-paa-holocaustdagen/

Mange av jødane frå vårt område, til like med trusfeller frå heile det tyskokkuperte Europa, vart sendt til Auschwitz, til tvangsarbeid, eller for å drepast. Frå leiren vart teken i bruk sommaren 1940 og fram til frigjeringa reknar ein med at fleire millionar menneskje omkom i leiren. Det nøyaktige talet er vanskeleg å fastslå.

Les: Den største forbrytelsen

Les: Portvaktarane sin historie

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.