16-åring starta underskriftsaksjon for hurtigbåt

I håp om å kunna bu heime hos familien medan ho går på vidaregåande har Mathilde Sæle (16) samla nærare 950 underskrifter for hurtigbåt mellom Ågotnes og Bergen.

Godtek ikkje Skyss og fylkeskommunen sitt nei. Her, ved Strandkaien, bør hurtigbåten frå Ågotnes leggja til, oppfordrar Mathilde Sæle. Foto: Torbjørn Daland Næss.

Den digitale underskriftsaksjonen for hurtigbåt til Sotra som starta på Opprop.net i fjor haust har dei siste dagane fått ny giv, takka vere Mathilde Sæle sin innsats på sosiale medier som Facebook, Instagram og Snapchat.

Det var personleg erfaringar som utløyste ungjenta sitt engasjementet for ein hurtigbåt til Sotra. Køane på Sotrasambandet får alvoreleg konsekvensar for kvardagen til eindel av innbyggjarane i Øygarden, hevdar Mathilde Sæle til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Eg ønskjer å bu heime hos familien min på Ågotnes medan eg går på vidaregåande, ikkje på hybel.

Ein hurtigbåt frå Ågotnes til Bergen sentrum vil løysa mykje av problemet, slik den unge skuleeleven ser det.

1.000 underskrifter
-Kvifor sitja halvannan time i kø frå Ågotnes til sentrum i rushtida når sjøvegen får deg til jobb på 25 minutt? Slik lyder Mathilde sin bodskap til dei som klikkar seg inn på underskriftsaksjonen.

Det er det tydelegvis mange Sotra- og Øygardsstrilar som er samde i, for så langt er det nærare 950 personar som har signert. Over 1.600 har delt saka.

-Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, seier Mathilde Sæle.

Må bu på hybel
Den føretaksame ungjenta bur på Ågotnes og går på skule i Fyllingsdalen. Ut døra heime klokka 6.00 om morgonen og nærare to timars køkøyring med buss både morgon og kveld vert for slitsamt, synes ho.

-Å sitja i kø i nærare to timer, men likevel koma for seint, har øydelagt veldig mykje for meg. På skulen er det obligatorisk oppmøte. Eg fekk merknadar og fråvær fordi eg alltid var sein. No har eg ingen andre val enn å bu på hybel hos besteforeldra mine i vekedagane, seier ho.

Må prøvast ut
– Sjøvegen er eit alternativ som må prøvast ut! Vi kan ikkje godta at Skyss og fylkeskommunen meiner det ikkje er grunnlag for hurtigbåt. Vi som bur her veit at grunnlag er der! Nye Øygarden kommune må setja inn prøvetiltak. Vi ønskjer at sjøvegen skal takast i bruk, oppfordrar ho på heimesida til underskriftsaksjonen.

Meir tid til familien
Ei båtrute til Bergen vil vera ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, er ho overtydd om:

-Ein hurtigbåt vil redusera køane, gje strilane meir tid til familien, og mindre tid i kø, appellerer 16-åringen som gjerne vil sleppa å bu på hybel.

Mathilde er langt frå er den einaste som får kvardagen prega av køkøyring. Særleg folk som bur ut mot Hellesøy og Øygarden og som jobbar eller går på skule i Bergen har vanskar med den lange reisetida. Både ungdomar og foreldre vel gjerne å ha ein hybel nærare byen for å rekka skule og arbeidstid, seier ho.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.