Ungdomsverksemd samlar pengar til Barnekreftforeningen

Dei fire gutane i epoH UB har alle opplevd kreft i nær familie. Erfaringa har gjeve inspirasjon til ungdomsverksemda sin forretningsidè.

Dagleg leiar Mikal Ekren (framme) Christian Bentzen (tv) (salsansvarleg), Henry Opitz (marknadsansvarleg) og Simen Svea Hauge (økonomiansvarleg).

-Vi vil gjerne gjera noko for samfunnet. Visa at ungdomen er engasjert og at vi gjerne gjer ein innsats for nokon som treng det, seier dei fire unge gründarane Mikal Ekren, Henry Opitz, Christian Berntzen og Simen Svea Hauge bak epoH UB (Hope – stava baklengs).

Gutane går siste året på Sotra vidaregåande. Siste to åra har dei hatt entrepenørskap som valfag. I fjor pugga dei teorien. Dette året skal dei praktisera kunnskapen.

Ungdomsverksemda er registrert i Brønnøysund, rollene er fordelte og investorar er henta inn. No er det tida for å testa ideen i marknaden.

Drikkeflasker
Jubelen stod i taket då dei sist veke endeleg kunne henta pakken med dei første 300 spesialdesigna drikkeflaskene med Barnekreftforeningen sin logo på Posten.

Forretningsidèen har dei henta inspirasjon til i den nære familien. Alle kjenner dei nokon som har fått kreft. Etter litt diskusjon fram og tilbake landa dei på at dei ville utvikla og selja eit produkt til inntekt for Barnekreftforeningen.

-Vi ville gjerna produsera noko folk treng – og som sel, smiler dei fire gründarane.

Norskprodusert
Dei norskproduserte flaskene er laga i plastmaterialet tritan, med stålforsterking i kork og botn. Plasten inneheld ikkje giftstoff og kan gjenvinnast. Miljø har vore høgt prioritert i produktutviklingsprosessen og i val av plastmateriale, forsikrar dei fire.

Dekoren har dei fått designa i samarbeid med Barnekreftforeningen.

Flaskene sel dei for 199 kroner stykket. 50 kroner går rett til Barnekreftforeningen. Dit har dei og planar om å senda tredelen av eit eventuelt overskot, fortel unggutane.

Produktutvikling
Eindel prøving og feiling har det vore undervegs. Økonomien sette grenser for mykje av kreativiteten som lot seg realisera i det endelege produktet. Startkapitalen på 25.000 strakk ikkje til å få spesialdesigna drikkeflasker i stål. Heller ikkje til å få produsert samanleggbare drikkeflasker.

No er dei optimistar. Første ordren er på 300 flasker. Går salet slik førehandssalet antydar, kan dei tinga neste leveranse for henting på Posten alt om to veker.

Til topps
Marknadsføring og sal er avgjerande sider ved gründerlivet. Gründarane i epoH UB nøyer seg ikkje med friends, fools and family. Dei går heilt til topps. Under Øygardsdagane ved årsskiftet huka dei like godt tak i Erna Solberg for å selja inn idèen sin. Vest Næringråd står og på sidelinja og heiar, fortel dei.

Facebook er viktig for kontakten med dei 550 følgjarane, og for førehandssalet. Dei kvite hettegensarar med epoh UB-logen etterlet ingen tvil om kven som kjem. Å vera godt synleg i korridorane på Sotra vgs har vist seg å vera salsfremmande. Berre positive tilbakemeldingar, så langt, smiler dei fire.

I helga skal dei stå på stand på Sartor, og så byrjar b2b-marknadsføringa for å selja drikkeflaskene inn som firmagåver hos det lokale næringslivet, fortel dagleg leiar Mikal Ekren.

Konkurranse
I mars konkurrerer epoH UB med jamnaldringar frå andre skular og med andre forretningsidèar på Vestlandsmessa. Eit arrangement der Sotra vgs har tradisjon for å gjera det svært godt.

Les: Ungdomsbedrift set geit på menyen

Økonomisk er målet å gå i null, men med russetida like om hjørnet, kunne det vore kjekt med eit lite tilskot…

Tek salet skikkeleg av, og salet passerer 140.000 som er grensa for ei ungdomsverksemd, ser gründarane ikkje vekk frå at epoH UB kan få forlenga liv etter skuleåret, men då som eit aksjeselskap. I så fall har dei ideane klare.

Gutane rosar Sotra vgs for entrepenørfaget. No ventar Forsvaret og ei høgare økonomiutdanning. Skulle dei deretter finna på å verta gründar, ja så vil erfaringane frå epoH UB gjera startup-tilværet svært mykje einklare, er dei samde om.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.