Kommentar: Fyrtårnet slår spekker

Så er det altså berre menn som duger til å ha den strategiske styringa i nye Øygarden, visstnok?

Skapningens herre: Ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Med dagens val av Atle Dåvøy som ny varaordførar i Øygarden medan Torill Selsvold Nyborg (KrF) vikarierer på Stortinget, er det berre menn att i den politiske leiinga i Øygarden kommune.

Ordføraren er mann, varaordføraren er mann. Det same er leiarane for utval for tenester og levekår (Jan Utkilen), utval for plan (Svein Otto Jacobsen, Michael Sangolt) og utval for Samfunnsutvikling (Andreas Tjong Kallekleiv, Svein Berger Bjørge).

Ikkje ei einaste kvinne er funnen dyktig nok til ein posisjon mellom dei sju «best mellom likemenn». Og det i ein kommue med heile 38.000 innbyggjarar. Attpåtil i ein kommune der kvinnene jamnt over har høgare utdanningsnivå enn menn.

Når det ikkje er utdanning og kunnskap vi kvinner manglar, kva kan det då vera?

Den nye kommuen har som motto «Eit fyrtårn i vest». Ikkje all endring representerer eit framsteg. Dagens val avslører at dette fyrtårnet, med KrF sin aktive medverknad, lyser tilbake, langt tilbake i tid. Ikkje til forrige tiår, men til tilhøva i forrige årtusen. Tilbake til den tida då menn vart rekna som skapningens herre og kvinnene skulle strikka gensar og driva uløna omsorg for barn og eldre.

Les: Vil ha to menn på toppen

«Fyrtårnet» ditt slår sprekker alt etter første møte i kommunestyret, ordførar Tom Georg Indrevik (H). Ikkje til å undrast over at møtet, mot sedvane, verken vart kringkasta over Radio Sotra eller vist på kommunen sin nett-tv.

 

One thought on “Kommentar: Fyrtårnet slår spekker

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.