Gjestekommentar: Skuffa over strilakarane

At menn saboterer likestilling varslar dårleg for framtida til strilane, skriv Symphorien Pombe. Han er skuffa over den rådande mentaliteten hos fleirtalet av strilakarane.

Av Symphorien Pombe (Kommunestyrerepresentant, fylkestingsrepresentant for Vestland SV).

Fleirtalet prioritere den politiske avtalen framfor likestilling under valet av varaordførar i gårsdagens kommunestyre. Eg er skuffa over den rådande mentaliteten til fleirtalet av strilakarane.

Les: Kommentar: Fyrtårnet slår spekker

Strilar må prioritera kvinner i politikken. Kvinner er underrepresentert på den politiske arenaen. Å driva med politikk er krevjande. Vi har mange rutinerte og kapable kvinner som kan vera rollemodellar for jenter i samfunnet, men som diverre ikkje får dei same mogelegheitane som strilakarane. Det er karane som set premissane. Kvinner er nedprioritert.

Dei flest menn forstår ikkje at dette er uheldig for lokalsamfunnet. Etter å ha observert dei ei stund, spør eg meg no kor lang tid det vil ta før dei skjønar at manglande likestilling er eit stort problem i politikken.

Mennene toler ikkje eingong relevant og konstruktiv kritikk.

Vi menn må jobba med oss sjølv. Vi har eit stort problem, på ulike nivå, også globalt. Vi kan ikkje endra noko i positiv retning om vi ikkje byrjar med oss sjølv.

Jenter i barnehagen, grunnskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen treng ikkje berre dykk. Dei må ha kvinner som førebilete, også. At menn saboterer likestillinga varslar dårleg for framtida til strilane.

Strilar er vi, men vi må visa oss som moderne strilar i eit samfunn der likestilling er viktig i kvardagen. Om mannlege strilar er opptekne av bilar, båtar og naust, må dei setja av tid også til å støvsuga, vaska hus og leggja saman klede heime. Ikkje berre prata over seg på den politiske arenaen. Handling er viktigare enn ord. Ord vert uviktige om dei manglar innhald.

Dei fleste kvinner verkar vera uengasjerte og reserverte i forhald til kampen for likestilling. Eg spør meg sjølv om det er frivillig eller om dei er politiske kontrollert?

Vi menn må støtta dei som vågar å ta kampen for likestilling på alvor. Det handlar ikkje om oss, men om samfunnet si framtid. Vi kan ikkje byggja ei framtid utan å inkludera kvinner i politikken. Vi må akseptera at dei kan mykje, er dyktige og kapable til å ta større ansvar.

Dei politiske partia må gje kvinner førsteplass på lista.

Kari-Anne Landro har vore ordførar og varaordførar i Sund i fleire periodar. Ho arbeidde for å modernisera gamle Sund. Det handlar ikkje om nostalgi, men om verdiar vi kan læra av kvarandre.

Kong Harald oppfordra oss i nyttårstalen sin til å «Villa kvarandre vel». Å villa kvarandre vel betyr også å kjempa mot dei som ikkje vil gje kvinner som fortenar det posisjonar i politikken.

Kommunestyret i Øygarden treng fleire kvinner som jobbar for å modernisera samfunnet og som jenter i barnehagen, grunnskulen og den vidaregåande skulen kan identifisera seg med. Desse kvinnelege politikarane, både frå posisjonen og frå opposisjonen, har mykje kunnskap og verdiar som vi menn bør læra av. Vi må slutta med å vera så arrogante.

Nina Glesnes frå posisjonen får applaus for å minna sine partikolleger i SotraLista og resten av posisjonen om at det er på tide dei innser at manglande likestilling utgjer eit stort problem på Strilalandet. Applaus også til Eva Aarskog (SV), Maria Thomassen (MDG) og Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Les: Kommentar: Den nye varaordføraren – det må verta eit kvinneval

Nina Glesnes er eit rutinert lokalpolitikar. Hadde ho vore fotballspelar, ville eg ha påstått at ho er ein profesjonell fotballspelar som kostar dyrt. Ho har det som skal til for å spela i ulike ligarer, og skåra mange mål slik at laget hennar kunne toppa tabellen. Det er ikkje til å undrast over at ho sanka mange stemmer for SotraLista i kommunevalet.

Saman med desse kvinnene, og andre som er overtydd om at manglande likestilling er eit politisk problem, skal vi stå samla mot dei sterke kreftene som kanskje treng kursing for å ta problemet på alvor.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.