Prosentvis flest uføre i sør og nord

Få kommunar i Vestland har fleire uføre samanlikna med talet på innbyggjarar enn nye Øygarden.

Tal uføre i Sund, Fjell og Øygarden, utvikling frå 2017 til 2019.

Ved utgangen av fjoråret var heile 2.477 øygardsstrilar i alderen 18 – 67 år uføre. Det er 143 fleire enn i desember 2018, tilsvarande ein auke på 6,1 prosent, og 251 fleire enn ved utgangen av 2017, ifølgje SSB.

Det er nærliggjande å tru at auken i talet på uføre har samanhang med utviklinga på arbeidsmarknaden. For eindel av dei som mista jobben i samband med oljeprisfallet i 2014 og som ikkje har klart å finna seg nytt arbeid, kan uføretrygd vera ei løysing på korleis betala mat og husleige.

SSB offentleggjer framleis tal for dei gamle kommunane. Fleirtalet av dei uføre bur i Fjell. Ved årskiftet var 1.633 av fjellsokningane for sjuke til å forsørga seg gjennom arbeid. I denne delen av nye Øygarden auka og talet på uføre sterkast. 108 nye uføre i fjor tilseier ein auke på 7,1 prosent. Likevel er Fjell framleis den delen av den nye kommunen som har lågast andel av uføre samanlikna med talet på innbyggjarar i aldersgruppa.

Den sterke veksten til trass er Fjell einaste delen av den nye kommunen som framleis kan visa til ein uføreandel som er lågare enn snittet i landsamanhang. Med ein uføreandel på 9,8 prosent av innbyggjarane i alderen 18 – 67 år, er fjellsokningane likevel langt meir plaga av sjukdom enn hordalendingar flest, for i fylket er andelen berre 8,7 prosent.

Og i Sund skjedde det ein sterk auke i talet på uføre i fjor. 505 uføretrygda er 24 fleire enn ved utgangen av 2018. Andelen av uføre i den sørlege delen av den nye kommunen utgjer no 11,7 prosent av innbyggjarane, og passerte i løpet av fjoråret gamle Øygarden.

Prosentandel uføre i Sund, Fjell og Øygarden ved utgangen av 2019 samanlikna med snittet for Hordaland og i landsamanhang.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.