Nektar å gje slepp på draumen om fastlandssamband

Dei opplever Kommunaldepartementet si utrekning av ferjeavløysingsmidlar som absurd. Øybuane på Lerøy og Bjelkarøy nektar likevel å gje slepp på draumen om bru over til Hjellestad.

-Ein absurd situasjon. Vi kjenner oss lurte, seier Johannes Bauge (tv) og Arne Vardøy.

Dei fastbuande på Lerøy og Bjelkarøy har drøymt om fastlandssamband over til Hjellestad heilt sidan 1950-talet. Då ordninga med ferjeavløysingsmidlar vart utvida til også å omfatta fylkesvegnettet, og i 40 år, fekk dei nytt håp. Slik dei fekk presentert det nye regelverket, burde dei kunna få heile 600 millionar i statsstøtte til å finansiera den etterlengta brua over til Hjellestad.

Les: Kan få 600 millionar til ferjeavløysing

Kjenner seg lurt
Sist haust kom nedturen: Utrekninga frå Kommunaldepartementet tilsa at eit fastlandssamband, trass alle fagre lovnadar, berre ville få 36 millionar kroner i statsstøtte om ferja vert erstatta av bru.

Les: Ikkje pengar til fastlandssamband for Lerøy og Bjelkarøy

-Ein absurd situasjon. Vi kjenner oss lurte, sa øybuane Johannes Baug og Arne Vardøy då dei i dag møtte Stortingsrepresentant Helge Andrè Njåstad (FrP) saman med partikollega, planutvalsleiar Svein Otto Jacobsen, i rådhuset på Straume.

Skuldar på embetsverket
Njåstad var sentral både då ordninga med ferjeavløysingsmidlar vart utvida til å omfatta fylkesvegnettet i 40 år, og då regelverket vart revidert i 2017.

Ovanfor øybuane er Njåstad tydleg på at dette slett ikkje var intensjonen bak Stortingsvedtaket:
-Utrekninga er resultatet av ei tolking utført i embetsverket, og framkjem ikkje av dei retningslinene for ferjeavløysingsmidlar som Stortinget vedtok i 2017, hevdar Njåstad.

-Statstøtta var rekna ut som om ferja frå Klokkarvik til Lerøy framleis skulle gå etter at fastlandsambandet over mot Hjellestad står ferdig. Det har aldri vore intensjonen, forsikrar Jacobsen.

Spel for galleriet?
-Vi må spørja om de verkeleg vil ha ei ordning med ferjeavløysing. Regelverket er der, men ingen fastlandssamband har blitt bygd etter at den nye ordninga kom, seier Bauge.

-Stå på, var rådet frå FrP-arne Helge Andrè Njåstad og Svein Otto Jacobsen til Arne Vardøy og Johannes Baug. Njåstad lovar å prøva å endra reglane for ferjeavløysingsmidlar slik at samband som vert avkorta likevel skal få statsstøtte.

FrP-representanten frå øykommunen Austevoll lovar no å ta initiativ ovanfor partiet si Stortingsgruppe til å få vedteke eit prinsipp om at innkorting av ferjesamband som går mellom fleire stadar skal gje full avløysing sjølv om brua berre omfattar delar av strekkja.

Med FrP ute av Regjeringa står partiet friare til å ta initiativ, til dømes når Distriktsmeldinga skal vedtakast no i mars, eller i samband med Kommuneproposisjonen i mai, seier Njåstad.

Fire femtedelar
Bauge har sett nærare på Kommunaldepartementet sitt reknestykke. Eit fastlandssamband frå Lerøy til Hjellestad tilsvarar fire femtedelar av dagens ferjestrekning. Då bør vi i det minste ha rett på statsstøtte tilsvarande fire femtedelar av ferjekostnadane, seier han.

Med ei slik tolking av regelverket vil dei ha krav på 397 millionar kroner i ferjeavløysingsmidlar, fordelt over 40 år. Eit fastlandssamband vil krevja reelle investeringar i storleik 414 millionar, fråtrekt meirverdiavgift, har Bauge rekna seg fram til.

Elektrifisering
I desse dagar vert ferjesambandet Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad elektrifisert. Ei investering som vil auka driftskostnadane monaleg. Korleis det vil påverka utrekninga av ferjeavløysingsmidlane er framleis uvisst.

-Med høgare ferjekostnadar vil eit fastlandssamband verta meir interessant for fylkeskommunen, hevdar Jacobsen.

I same situasjon
Dei 30-tals øybuane på Lerøy og Bjelkarøy er ikkje aleine. Sambandet Halsnøy – Fjeldbergøy – Utbjoa er i same situasjon som ferjesambandet frå Klokkarvik til Hjellestad. Også her har dei fått avkorta statsstøtta fordi ferjesambandet går mellom fleire anløpsstadar, ifølgje Njåstad.

I Hordaland er det totalt fire ferjesamband som er aktuelle for ferjeavløysingsordninga, i følgje Regional Transportplan. I nye Vestland fylke er ytterlegare to ferjesamband aktuelle. På landsbasis snakkar vi om eit 20-tals ferjestrekkjer, ifølgje Njåstad.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.