Kommunenamnet står

SotraLista fekk ikkje fleirtal i kommunestyret for forslaget om å fremma ei eiga sak om folkeavstemming om kommunenamnet.

Dei stemte for folkeavstemming: SotraLista (5), FrP (4), FNB (4), SV (1) og Rødt (1). Bilete frå nett-tv.

Saka om folkeavstemming om kommunenamnet fekk som venta adrenalinet til å koka både hos motstandarar og tilhengjarar av Øygarden som namn på den nye kommunen.

Karakteristikkar som «uryddig», og «udemokratisk» om prosessen prega innlegga frå talarstolen frå motstandarane, fronta av Jan Utkilen og Nina Glesnes i SotraLista.

-Dette er berre tull, innvende Marianne Sandahl Bjorøy (A). Den tidlegare ordføraren i Fjell kan ikkje sjå at det vart gjort noko feil i prosessen. Den nye kommunen har, etter hennar meining, mange viktigare saker å bruka to millionar kroner på enn ei folkeavstemming.

Heller ikkje Børge Haugetun ønska nokon folkeavstemming. Den tidlegare ordføraren i Øygarden foreslo tvert om at kommunestyret bør bekrefta det namnet som framkjem i departmentet sitt vedtak om kommunesamanslåing.

Avstemminga viste at berre 15 av dei 45 representantane ønska å få utgreidd spørsmålet om ei folkeavrøysting.

 

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.