Tok telling av byvekstavtalen

Kommunen si nett-tv-sending tok telling under ein engasjert og til tider opphissa debatt om byvekstavtalen.

(Saka er oppdatert.)

Børge Haugetun var ikkje aleine. Den eine representanten etter den andre gjekk på talarstolen og fortalte at dei etterkvart var kome til at «JA» var beste svaret. Byvekstavtalen vart til sist vedteken mot 14 røyster. Alver kommune har tidlegare i kveld også sagt ja. Bilete frå nett-tv-sendinga til Øygarden kommune.

Debatten om byvekstavtalen vart for sterk kost for teknologien.  Like før avstemminga om byvekstavtalen i kommunestyret gjekk den kommunale nett-tvsendinga i svart. Teknologien svikta lokaldemokratiet.

Over 1.160 personar følgte den direktesende debatten i kommunestyret. Det kan vera forklaringa på kvifor sambandet svikta, skriv kommunikasjonsrådgjvar Vigleik Brekke i ein SMS til nettavisa Tunnelsyn.no.

Samanbrotet i sendinga førte til at leverandøren måtte restarta sendinga. Kommunikasjonsavdelinga i kommunen må no sjekka kapasiteten i overføringa, ifølgje Brekke.

Byvekstavtalen vart vedteken med 31 mot 14 røyster. Dei som stemte mot var Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) (4), Senterpartiet (4), Frp (3), Raudt (1),  Sotralista (1) og Arbeidarpartiet (1).

 

One thought on “Tok telling av byvekstavtalen

  1. En må ha lov å stille stort spørsmålstegn med hele byvekstavtalen. Den er bygget på sentralisering. Distriktene får svi. MDG er et bevis på det. De er et byparti og bygger byen ut fra sentrum. Fjerner det grønne og erstatter det med asfalt og betong. Rundt Bergen skal det satses på kommunesentrene. Det blir det pressområder av. Hvorfor folk skal plasseres i kaninbur eller gettoer er uforståelig for mange. Sprer en bebyggelsen utover i distriktene har en plass til grøntområde og kanskje også parker og litt dyre/fugleliv. Men da må en bygge infrastruktur og kollektivløsninger slik at folk kan bo andre steder enn i pressområder. Folk er avhengig av arbeid og en kan ikke forvente at alle kan bo og jobbe i nærheten av arbeidsplassen. En god infrastruktur rundt byer og pressområder må til uansett og den kommer ikke når alt skal sentraliseres mest mulig.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.