Frå vekst til nullvekst

Folketalet i Øygarden auka med 199 personar i fjor.

(Saka er oppdatert.)

Færre innflyttarar og færre nyfødde. Slik har folkeveksten i Øygarden utvikla seg sidan 2015. Venstreaksen viser talet på personar.

Folketalsutviklinga i Øygarden i 2019 har vore imøtesett med stor spaning, ikkje minst i skulane kringom i kommunen.

Les: Skal spå om folkeveksten

Ei optimistisk Erna Solberg tok godt i og spådde 39.000 øygardstrilar i nyårshelsinga si i Sotra Arena. Men ikkje eingong statsministeren rår over folketalsutviklinga. Fasiten SSB la fram i dag viser at 38.316 personar var registrerte heimehøyrande i Fjell, Sund og Øygarden då nyttårsklokkene ringde inn den nye kommunen.

Folketalsutviklinga i fjor forsterka den negative trenden siste åra før kommunesamanslåinga. Siste fem åra har den nye storkommunen like vest for Bergen gått frå å vera ein vekstkommune til å verta ein nullvekstkommune. Samanlikna med 2015, var folkeveksten i fjor redusert med heile 75 prosent.

Store utbyggingsprosjekt står i kø overalt i kommunen, så det er ikkje bustadar det skortar på. Utviklinga må dermed først og framst forklarast ved at den store reduksjonen i talet på industriarbeidsplassar har ført til ei sterkt redusert tilflytting frå inn og utland.

20152016201720182019
Folkevekst785478512430199
Fødselsoverskot276280260265158
Netto innflytting50519525316242

Enno meir urovekkjande er det likevel at siste året har og talet på nyfødde, samanlikna med døde, sunke urovekkjande.

Totalt auka folketalet med 199 personar i fjor. Heile 158 av dei kan forklarast med fødselsoverskot. Nettoinnflyttinga tok seg opp i fjerde kvartal, men enda for året totalt på beskjedne 42 personar.

Folketal 1.1.2019Fødsels-overskotNetto

innflytting

Folkevekst 2019Folketal 31.12.2019
38.1171584219938.316

One thought on “Frå vekst til nullvekst

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.