-Vi må skapa fleire arbeidsplassar

Ein folkevekst lågare enn snittet for kommunane i Hordaland er ikkje haldbart for ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Vil ha fleire arbeidsplassar, ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Ein folkevekst på 0,5 prosent i fjor var litt som frykta, medgjev ordførar Tom Georg Indrevik (H) i ein kommentar til SSB sine dagsferske tal.

Les: Frå vekst til nullvekst

SSB offentleggjorde i dag fasiten over folketalsutviklinga i norske kommunar i 2019. For Øygarden innebar dette ein auke i folketalet på 199 personar. Heile 158 av dei nye innbyggjarane var nyfødde. Netto tilflytting utgjorde beskjedne 42 personar.

-Ikkje haldbart
Ein ting er at folkeveksten i Øygarden var lågare enn i Bjørnafjorden og Askøy. For Øygards-ordføraren er det likevel ikkje haldbart at folketalsutviklinga i nabokommunen til Bergen ligg under snittet i Hordaland som var på 0,7 prosent.

-Vi må gjera oss meir attraktive, konstaterer Indrevik.

Arbeidsplassar
Først og framst må vi skapa fleire arbeidsplassar. Statistikken avslører kor avhengig kommunen er av oljen. Den jamne veksten i folketalet stoppa med oljeprisfallet i 2015. For å stimulera til ny vekst i talet på innbyggjarar er vi avhengig av å leggja til rette for fleire nye arbeidsplassar, seier Indrevik som ein oppfordring til det lokale næringslivet.

Sotrasambandet
Framdrifta på nye Sotrasambandet er ein annan kritisk faktor for å stimulera folkeveksten. Gode kommunikasjonar vil påverka kva kommunar som vert vinnarar i konkurransen om dei nye innbyggjarane i Bergensområdet. Noko dei har i Askøy, og som dei snart vil få i Bjørnafjorden.

-Bompengar vil vera mindre viktig, hevdar Indrevik og viser til Askøy som fekk 278 nye innbyggjarar i fjor, trass i at øykommunen har bompengeinnkrevjing både internt og inn mot Bergen.

 

 

2 thoughts on “-Vi må skapa fleire arbeidsplassar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.