Har ikkje rett på dagpengar

Meir enn kvar femte registrerte arbeidssøkjar i Øygarden er i ferd med å falla utanfor velferdssamfunnet sitt økonomiske sikkerhetsnett.

Meir enn kvar femte arbeidssøkjar i Øygarden har ikkje rett på dagpengar.

NAV rapporterer om stadig færre arbeidslause, i Øygarden så vel som i Vestland. Men det er for tidleg å friskmelda den lokale arbeidsmarknaden, avslører ein nærare gjennomgang av februartala.

På tiltak
12.084 personar busette i Vestland er for tida registrerte som arbeidssøkjarar hos NAV. Heile 695 av dei er heimehøyrande i Øygarden.

Men, medan talet på arbeidssøkjarar i Øygarden held følgje med nedgangen i resten av fylket, er andelen av øygardsstrilar som går på tiltak framleis høg.

Les: -Vi må skapa fleire arbeidsplassar

Fell utanfor
Dagpengane er meint å vera velferdssamfunnet si handstrekning til arbeidssøkjarar inntil dei landar ein ny jobb.

Dei som går på tiltak gjer det fordi dei ikkje har rett på dagpengar. Dei er enten langtidsledige som har vore utan arbeid lenger enn dagpengeperioden, eller dei har hatt ei inntekt som er lågare enn terskelen for å opparbeida rett til dagpengar.

Dagpengar er ein rett som må opparbeidast, og vert rekna som inntil 62,3 prosent av inntekta siste året. Personar på tiltak får i staden tiltakspengar, som for tida utgjer 398 kroner dagen.

Dei er i ferd med å falla utanfor velferdssamfunnet sitt økonomiske sikkerhetsnett. Om dei ikkje klarar skaffa seg jobb innan tiltaksperioden går ut, er sannsynligheten stor for at mange av dei vil koma til å søkja kommunen om sosial stønad.

Får ingenting
Den offisielle arbeidsløysa, slik NAV presenterer tala, skjuler store mørketal.

NAV oppgjev ikkje tal for kor lenge dei ledige i dei einskilde kommunane har vore utan arbeid. Det framkjem likevel av statistikken at 747 av vestlendingane som er registrerte som heilt ledige har vore arbeidssøkjarar lenger enn to år.

Å vera langtidsledig er langt frå så rosenraudt som Høgre-kameratane gjerne vil ha det til. Desse 747 personane har ingen rettar hos det offentlege. Dei mottek verken dagpengar eller tiltakspengar.

Kor mange av dei som er heimehøyrande i Øygarden, fortel tala ingenting om.

Mørketal
Berre 61 prosent av dei 12.084 vestlendingane som er registrerte som heilt ledige inngår i den offisielle statistikken. I underkant av 1.700 går på tiltak og heile 3.064 er delvis ledige.

Les: Vil gjerne jobba meir

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

3 thoughts on “Har ikkje rett på dagpengar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.