Vil gjerne jobba meir

Kvar fjerde arbeidssøkjar hos NAV ønskjer høgare stillingsprosent. Ei overvekt av dei er kvinner.

Det er vesentleg fleire kvinner enn menn som jobbar deltid og som gjerne ser at dei får høgare stillingsprosent.

Det viser NAV sine tal over arbeidsmarknaden i Vestland for februar.

Den offisielle arbeidsløysa, slik NAV presenterer tala, fortel langt frå heile historia. Av dei 12.084 vestlendingane som var registrerte som arbeidssøkjarar hos NAV i februar var heile 3.064 delvis ledige.

Les: -Vi må skapa fleire arbeidsplassar

Det vil seia at dei jobbar mindre enn halv tid og har meldt seg som arbeidssøkjarar av di dei gjerne vil ha høgare stillingsprosent.

Av dei som gjerne vil jobba meir er det ein overvekt av kvinner. Nær seks av ti arbeidssøkjarar med tid til overs er kvinner. Berre fire av ti er menn, ifølgje NAV.
Tilsvarande tal for kommunane vert ikkje opplyst.

Les: Har ikkje rett på dagpengar

2 thoughts on “Vil gjerne jobba meir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.