Dagens sleivspark: I det hinsidige

8. mars vert det inga markering av den internasjonale kvinnedagen i nest største kommunen i Vestland.

Kvinnemakt. Illustrasjon: Wikimedia Commons.

Ingen av dei politiske partia i Øygarden har funne kvinnedagen verd eit eige arrangement lokalt.

At Norge har ein kvinneleg statsminister har tydelegvis ikkje gått heim på grunnplanet i partiet. I Øygarden er det i alle fall karane som styrer. Høgreordføraren har direkte linje til Erna Solberg sine øyre, likevel er det heile sju menn og ingen kvinner som bemannar den politiske leiargruppa i «fyrtårnet» i vest.

På kvinnedagen har den mannlege ordføraren kunngjort at han vil prioritera å vera med og ordinera den nye prosten i Øygarden og Askøy. Ein mann, sjølvsagt.

Kyrkja, bedehuset og trua på evig liv har lenge stått sterkt i på øyane vestom Bergen. Kor lenge skal vi kvinner måtta venta til det hinsidige før vi får løn for arbeidet vårt?

 

 

One thought on “Dagens sleivspark: I det hinsidige

  1. Der er i det minste godt at de to lokalavisene har kvinnelige redaktører og at en av dem benytter anledningen til å påpeke galskapen. Amen!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.