Avlyser alle eigne arrangement

I frykt for korona-smitte avlyser Vestland fylkeskommune alle eigne arrangment fram til påske.

Alle kurs, konferansar og samlingar i regi av Vestland fylkekommune vert omfatta av avlysinga, ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Aktivitetane det er snakk om, vert ikkje vurderte som naudsynte eller kritiske å gjennomføre den næraste tida.

Politiske møte skal framleis finna stad.

– Ut frå situasjonen er det viktig å vurdera nøye kva aktivitetar vi no vel å gjennomføra. Ulike typar arrangement samlar gjerne mange menneske over lengre tid, noko som igjen aukar risikoen for smitte, grunngjev fylkesrådmann Rune Haugsdal avgjerdsla.

Tilsette i fylkeskommunen vert no oppmoda om ikkje sjølv å delta på tilsvarande eksterne arrangement.

– Vi må vega fordeler og ulemper ved ulike tiltak opp mot kvarandre ut frå eit risikoperspektiv. For fylkeskommunen sin del handlar det også om at vi som ein viktig samfunnsaktør har eit særleg ansvar for å sikre at vi klarer å halde drifta i gang. Difor må vi heile tida planlegga ut frå eit sokalla kontinuitetsprinsipp, forklarer Haugsdal.

Vesltand fylkeskommune har i ettermiddag varsla at ein tilsett med kontroplass i fylkesbygget på Sandsli har testa positivt for korona-virus. Tilsette og andre ein veit har vore i kontakt med vedkomande vert oppfordra om å nytta heimekarantene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.