Ingen koronasjuke på sjukehus

Ingen av dei åtte korona-smitta i Øygarden er innlagt på sjukehus.

Veit ikkje kor alvorleg sjuke dei korona-smitta er, ordførar Tom Georg Indrevik. Arkivbilete.

Åtte innbyggjarar i Øygarden hadde i går kveld fått påvist korona-smitte. Ingen av dei var innlagt på sjukehus, etter det ordførar Tom Georg Indrevik (H) kjenner til.

-Eg veit ikkje kor alvorleg sjuke dei er. Truleg har dei det best der dei er. Terskelen for å verta innlagt no er ganske høg, seier ordføraren i Øygarden til nettavisa Tunnelsyn.no.

Han anslår at meir enn eit 40-tals personar i kommunen er i karantene som følgje av dei har vore på reise i område med høg utbreiing av sjukdomen, eller at dei har vore i kontakt med personar som er smitta.

Nye reglar
Situasjonen og dei statlege risikovurderingane endrar seg heile tida. Frå og med i dag er det berre personar i risikogruppene, helsepersonell og anna beredskapspersonell og sjuke som skal testast, seier Indrevik og viser til dei siste retningslinjene til Folkehelseinstituttet.

Alle som kan vera smitta, og alle som har vore på reise utanfor Norden etter 27. februar, vert framleis oppfordra om å halda seg heime.

Etterlyser helsepersonell
Indrevik ser det ikkje som usannsynleg at situasjonen vil verta verre. Som ledd i det løpande beredskapsarbeidet går han går difor ut og oppfordrar personar med bakgrunn frå helsevesenet om å melda seg til teneste. Særleg interessant er det å koma i kontakt med pensjonistar og studenter.

-Dette er ein veldig spesiell situasjon. Vi vil på eit eller anna tidspunkt ha behov for meir helsepersonell, slik at vi kan omdisponera kommunalt tilsette dit dei trengst mest, seier Indrevik.

Les meir om korona-situasjonen på heimesidene til Øygarden kommune.

Du kan og ringja kommunen sin service-telefon 56 16 00 10.

 

One thought on “Ingen koronasjuke på sjukehus

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.