Risikerer å mista hjelp til dusjing

Eldre og pleietrengjande som er avhengig av heimesjukepleie og heimehjelp risikerer å mista hjelpetilbod som følgje av korona-epidemien.

Pårørande vert oppfordra om å ta på seg fleire oppgåver for eldre og pleietrengjande. (Arkivfoto: Atea).


Heimetenesta i Øygarden er sett i beredskap i samband med korona-epidemien. Skulle det oppstå ein situasjon med personalmangel på grunn av sjukdom og karantene, må heimetenesta prioritera å gje nødvendig helsehjelp, melder Øygarden kommune på heimesida si.

Tenester som vert gjevne av heimesjukepleie og heimehjelp, kan av den grunn verta endra eller falla bort i periodar, åtvarar kommunen.

Hjelp til dusjing og tilsyn er døme på oppdrag som ikkje vert sett på som nødvendig helsehjelp og som kan måtte utgå eller verta gjevne i avgrensa omfang.

Om det skulle oppstå ein situasjon som fører til at heimehjelparane må nyttast i heimesjukepleien, vil  det ikkje lenger verta gjeve hjelp til husvask.

Pårørande vert no oppfordra om å ta kontakt med heimetenesta i sitt distrikt dersom det er oppgåver dei kan bidra med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.