Sotra legevakt er rett stad

Treng du eller nokon av dine pårørande legetilsyn på grunn av luftvegssymptom?

I så fall er Sotra legevakt på Straume rette staden å henvenda seg, melder Øygarden kommune.

Fryktar du at du sjølv eller nokon av dine næraste er korona-sjuke? For å unngå smittespreiing på kontora til fastlegane, vert sjuke øygardsstrilar bedne om å nytta seg av det nye tilbodet ved Sotra legevakt på Straume, i staden for å kontakta fastlegen, oppfordrar Øygarden kommune på heimesida si.

Ring på førehand
Er det behov for akuttlegehjelp, ring 116117. Ein sjukepleiar og/eller lege vil då vurdera på telefon om det er behov for legetilsyn.

Det er viktig at ingen med luftvegssymptom møter direkte på legevakta. Ring ALLTID på førehand, slik at vi kan førebu smittemottak, melder dei på legevakta.

Det er for tida svært stor pågang på legevakta. Ein må difor pårekna litt lengre ventetid enn normalt.

Bruk telefonen
– Vi bør oppføra oss som om vi skulle vera smitta. Sjølv om du vurderer det slik at du held deg innanfor rammene som er gjevne, er det viktig at vi ikkje strekkjer strikken og tek sjansar. Eg oppmodar oss alle til å vera strenge med oss sjølve og ikkje oppsøkjer andre når det ikkje er nødvendig. Hugs at vi framleis kan oppleva ein god livskvalitet sjølv om vi ikkje samlast i grupper. La oss bruka tida heime til godt fellesskap! Hugs også at det ikkje er smittsamt å ta ein telefon til dei du gjerne vil ha kontakt med, seier smittevernlege Jens Eikås til Øygarden kommune si heimeside.

One thought on “Sotra legevakt er rett stad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.